NRK Meny
Normal

Næringslivet ser dystert på året som kjem

Bygg og anleggsbransjen meiner dei har minst å juble for, medan folk i reiseliv og kulturbransjen, er meir positive viser nytt næringsbarometer.

Oljerøyr på Gjøa

URO: Forventingsindeksen blant verksemder som leverer til oljenæringa har falle frå 31 til 22 poeng det siste året. Arkivfoto.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Tala for 2014 syner dei lågaste forventingane til det komande året sidan Næringsbarometeret starta i 2007.

Lågast forventning

Byggebransjen

MEST NEGATIVE: Byggenæringa har ikkje store von til 2015. Det er særleg dei negative forventingane til investeringar som dreg ned. Arkivfoto.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

Indeksen er basert på svar frå 700 bedrifter sine svar på om dei trur på vekst i året som kjem. Dersom det var like mange positive som negative svar, ville indeksen vere null.

Sidan hausten 2013 har den samla indeksen falle med seks poeng. Og det er byggjenæringa som er minst optimistiske.

Dei har ein forventningsindeks på eitt poeng. Det er den også næringa med størst nedgang i forventingane. Det er særleg dei negative forventingane til investeringar som dreg ned. Men det er ikkje like ille som då finanskrisa herja. Då indeksen var nede i minus 11 poeng.

Også innan industri og transport og en gros er verksemdene mindre optimistiske. Her har forventingane falle med høvesvis åtte og ti poeng.

Likevel er trur eit fleirtal i dei to næringane at 2015 blir eit betre år enn 2014.

Kraftig fall i varehandelen

Forventingane har falle med 11 poeng innan varehandel og privat tenesteyting, og er lågare enn under finanskrisa.

Dette går på tvers av korleis næringa nasjonalt opplever framtidsutsiktene.

I ei undersøking frå Norges Bank fann ein at næringa venta svak vekst framover. Forventingsbarometeret til Finans Norge for fjerde kvartal viste dessutan at mange nordmenn framleis har stor tru på eigen økonomi, sjølv om dei har blitt meir usikre på landet sin økonomi.

Vi veks minst

Rulletrapp i julepyntet kjøpesenter

NØKTERNE: Forventingane har falle med 11 poeng innan varehandel og privat tenesteyting, og er no lågare enn dei var under finanskrisa. Arkivfoto.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Ifølgje SSB har varehandelen i Sogn og Fjordane hatt svært låg vekst dei siste åra samanlikna med resten landet.

Sett saman med uroa grunna fallet i oljeprisen og låge investeringar, kan dette ha påverka næringa sine forventingar til framtida.

Optimistane er likevel i fleirtal, og indeksen hamnar på 14 poeng.

Det er særleg forventingane til investeringar som trekkjer ned. Gruppa som ventar å auke investeringane i 2015 er så vidt større enn dei som trur på nedgang.

Uro i oljenæringa

Fallet i oljeinvesteringar, oljeprisen og negativ merksemd i media det siste halvåret har vore med på å senke forventingane til vekst i 2015.

Forventingsindeksen blant verksemder som leverer til oljenæringa har falle frå 31 til 22 poeng det siste året. Forventingane i denne delen av næringslivet er likevel framleis høgare enn blant verksemder utan oljerelatert omsetnad.

Næringslivet i Sogn og Fjordane står likevel sterkare mot svingingane i oljenæringa enn nabofylket Hordaland, der fleire verksemder er knytte til petroleumsindustrien.

Heldigare enn nabofylket

Medan ein fjerdedel av næringslivet i Hordaland har delar av omsetnaden frå petroleumsrelatert aktivitet, gjeld det berre 15 prosent i Sogn og Fjordane.

I Sogn og Fjordane har dessutan få av desse, 15 prosent, over halvparten av omsetnaden frå oljerelatert verksemd.

Dei petroleumsrelaterte verksemdene i Sogn og Fjordane er òg meir optimistiske til året som kjem enn i Hordaland, der den samla indeksen er på berre ni poeng.

Reiseliv

POSITIVE: Reiselivsnæringa kan tene på ei svak krone.

Foto: Innovasjon Norge

Det er særleg forventingane til investeringar som dreg ned i Hordaland, der indeksen er negativ med minus tre poeng, medan den ligg på positive seks poeng i Sogn og Fjordane.

Men biletet er ikkje heilt eintydig. Svakare kronekurs gir lysare utsikter for eksport og reiseliv. Og i desse bransjane er det optimisme å spore.

Vegopning på Bergum i Førde kommune