NRK Meny
Normal

Næringslivet på kysten ynskjer storkommune

– Vi er kanskje litt meir løysingsorienterte og har kortare avgjerdslinje enn politikarane, seier Ronny Kjerpeseth frå Florø.

Næringsliv langs kysten vil ha storkommune

FORRETNINGSAKTØRAR: Representantar frå næringslivet i Flora, Bremanger, Vågsøy og Selje kommune møttes i Kalvåg for å diskutere kva kommunestruktur dei ynskjer seg.

Foto: Pressefoto

Ronny Kjerpeseth som er dagleg leiar i K. Jansen i Florø var ein av representantane frå næringslivet som samla seg i Kalvåg for å diskutere politikk.

Næringslivstoppar frå Florø, Bremanger, Vågsøy og Selje ynskjer seg ein ny storkommune på kysten.

– Vi trur bestemt at vi har like interesser, men også utfyllande interesser, seier Ronny Kjerpeseth om punkta næringslivsaktørane kom fram til på møtet.

Fylkesmann Anne Karin Hamre valde å ikkje slå saman Vågsøy med Selje og Eid i denne omgangen med tilrådingar for kva kommunar som bør slåast saman i fylket.

Ynskjer å spele regionen god med sitt bidrag til debatten

– Vi er kanskje litt meir løysingsorienterte og har kortare avgjerdslinje til debatten enn politikarane har, seier Ronny Kjerpeseth om det politiske initiativet frå næringslivet.

Aktørane som møttest på møtet meiner det er ein fordel at ein storkommune på kysten vil ha 25 prosent av innbyggarane i fylket, og at det vil sikre denne kommunen ein posisjon som ein maktfaktor i forvaltningsstrukturen i fylket.

Også i ein eventuelt ny og større fylkessamanslutning på kysten.

– Då vil vi vere ein sterk eining å rekne med både nasjonalt og internasjonalt nivå, seier Kjerpeseth.

I si oppsummering legg dei vekt på moglegheitene som ligg i havrommet til ein slik storkommune.

– Vi har havrommet rett utanfor oss, vi har fiska i tiår og forvaltar det i dag. Vi er alt etablert med god kompetanse for å vere med å sette agenda ein vil trenge i havrommet i framtida, seier Kjerpeseth.

Ronny Kjerpeseth

NÆRINGSLIVSAKTØR: Dagleg leiar i K. Jansen i Florø er ein av dei som ynskjer ein ny storkommune på kysten.

Foto: Truls Kleiven

– Vil nesten garantere nye arbeidsplassar om vi står saman

Bremanger sa i februar klart nei til samanslåing med Flora og Vågsøy. Kjerpeseth og resten av næringslivet meiner ingen vil ende opp som utkant i ein storkommune.

– Bremanger vil vere midt i smørauget, og dei er veldig gode på mange ting. Men isolert sett meiner vi dei vil bli for små. I lag er vi ein slagkraftig eining som kan legge til rette for auka sysselsetting og offentleg forvaltning, meiner han.

Kva vil du seie til skeptikarane til kommunesamanslåing?

– Stol på oss, aktørane som representerer næringslivet, vi skapar årleg milliardar av kroner som tryggar arbeidsplassar kvar dag gjennom å løfte blikket og spele kvarandre gode.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.