NRK Meny
Normal

Næringslivet kjempar for sjukehus

Næringslivet i Nordfjord har gått saman i felles kamp mot nedlegging av Nordfjord sjukehus.

Nordfjord Sjukehus

Næringslivet i Nordfjord har for fullt kasta seg inn i kampen for lokalsjukehuset på Nordfjordeid.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Engasjementet er stort og støtta frå medlemmane vore har vore unison. Alle er opptekne av at vi skal ha eit sjukehus på Nordfjordeid, det seier styremedlem i Stryn Næringssamskipnad, Per Ole Tenden.

5000 ber om at sjukehuset vert berga

Etter at Helse Førde i vår føreslo å leggje ned akutt og fødefunksjonar ved lokalsjukehusa i Lærdal og på Eid har det storma både i Sogn og Nordfjord.

No har også næringslivet i Nordfjord kasta seg inn i kampen.

Totalt 483 verksemder står bak eit brev som er sendt til styra i Helse Vest og Helse Førde, i tillegg til fylkes og stortingspolitikarar. I brevet ber dei om at det vert teke initiativ til å verne akuttfunksjonane i fylket, det skriv avisa Fjordingen.

Per Ole Tenden

Per Ole Tenden er styremedlem i Stryn Næringssamskipnad.

Foto: MMS-foto: Asgeir Reksnes

Verksemdene har til saman over 5000 tilsette som står bak brevet. Mellom verksemdene som står bak er Stryn Næringssamskipnad, Eid utviklingsfelleskap, Måløy Vekst og Gloppen næringsorganisasjon.

- Vi er mange hundre bedrifter som står bak og håpar det vil ha ein tyngde i det som vi prøver å få fram her. Og håpet er no at politikarane skal ta det inn over seg, seier Tenden til NRK.

-Dei unge treng tryggleiken i å ha eit sjukehus

Ein viktig bakgrunn for at næringslivet engasjerer seg er at dei ønskjer å sikre seg at ungdommen torer å vende tilbake til Nordfjord.

- Det er ingen høgskule i området her, og difor må vi ofte sende ungdommen ut for å utdanne seg og skaffe seg erfaring. Det er viktig for oss at dei som skal flytte heim kan føle seg trygge når dei skal etablere seg her, seier Tenden.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser