Hopp til innhold

Næringslivet fekk kurs i speed dating

Maritim Forening samla medlemsbedriftene sine på Sunnfjord hotel for å lære dei å selje bedrifta si i løpet av ein kort heistur.

Beate Solheim Grønnevik og Frode Lindvik

NYTTIG: Forde Lindvik i Strukturplast AS på Sandane var ein av dei som deltok på onsdagens kurs. Her får han hjelp av kursleiar Beate Solheim Grønnevik

Foto: Wilhem Støylen / NRK

– Tenk deg at du har alle potensielle kundar si merksemd i 30 sekund. Då må du vite kva du skal seie. Dersom du har ein 30 sekunds presentasjon klar, så veit du kva du skal seie om du møter drøymekunden på ein kort heistur, seier leverandørutviklar i Maritim Forening i Sogn og Fjordane og kurshaldar, Beate Solheim Grønnevik.

Beate Solheim Grønnevik

MEIR SKRYTING: Grønnevik meiner bedrifter frå Sogn og Fjordane kan bli flinkare til å skryte av seg sjølv.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Det er tredje året på rad at Maritim Forening i Sogn og Fjordane arrangerer ein slik Speed date for medlemane sine. Målet er å auke straumen av varer å tenester mellom bedriftene. Grønnevik meiner at det er tre sentrale spørsmål ein må tenkjer over for å kunne selje seg sjølv effektivt.

– Kva vil du seie, Kven vil du seie det til og kvifor vil du seie det? Då har du tenkt gjennom kva reaksjon du ynskjer frå mottakaren av bodskapen. Etter det startar du med ei setning som skal fange lyttaren si merksemd, den kan godt vere imponerande.

– Lov å skryte

Kurset starta med at bedriftene fekk tid til å skrive ein 30 sekunds presentasjon av seg sjølv, før dei skulle "speed date" og finne ut kva varer og tenester dei kan kjøpe av kvarandre. Etter sju minutt er "stemnemøtet" over og dei skal flytte seg vidare til neste bedrift. Grønnevik fortel at det er nokre lokale variasjonar å tenkje gjennom når ein held slike kurs.

– Når vi held slike kurs her i fylket må vi og alltid hugse på å seie at det er lov å skryte av seg sjølv. Vestnorsk blygsel må ein berre gløyme med ein gong. Det blir ikkje for mykje skryt.

– Nyttig

Ei av dei bedriftene som hadde tatt turen til kurset var Strukturplast, som held til på Sandane. Dagleg leiar, Frode Lindvik, var svært nøgd med onsdagens kurs.

– Eg synest kurset er veldig nyttig. Når ein snakkar med potensielle kundar har ein ofte lite tid, då er det viktig å få fram bodskapen sin. Det er det kurset handlar om. Vi har mykje spanande vi driv med, men er kanskje ikkje alltid like flinke til å formidle det på ein enkel og forståeleg måte.