Hopp til innhold

Næringa vil ha slutt på snikcamping - dei vil aldri kome tilbake om det blir ulovleg

SVIDALSNESET (NRK): På rasteplassen ved Jølstravatnet har mang ein turist overnatta opp gjennom åra. Det vil campingplasseigaren i nærleiken ha mindre av.

Det nederlandske paret vil ikkje kome tilbake om det blir ulovleg å overnatte på rasteplassar.

HEIMEN: Det nederlandske paret Willem Wolvers og Ada Driesen overnattar gjerne på rasteplassar i Noreg. Det har dei lyst til å halde fram med.

Foto: Åsta Urdal

– Vi likar fridomen på rasteplassen. Det er berre å lukke opp døra og gå rett ut i naturen. Om det blei slik at vi ikkje kunne bu på rasteplassen, så ville vi aldri kome attende, seier det nederlandske paret Ada Driesen og Willelm Wolvers.

Dei er på sin andre tur i Noreg då NRK møter på dei på den store idylliske rasteplassen i Jølster. Kloss på Jølstravatnet, godt utbygde toalett og ei sjarmerande steinstrand like ved, gjer det til ein ynda overnattingsstad for mange.

– Campingplassane er for dyre, seier dei to, som har vore heilt til Kina i bilen som også er heimen deira når dei er på ferie.

Vil endre utforminga av rasteplassane

At turistar slår seg ned på rasteplassar, som i utgangspunktet er tilrettelagt for kortare stopp, irriterer dagleg leiar ved Førde Gjestehus og camping, Bjørn Inge Geithus. Ein ting er inntektene han og andre campingplasseigarar går glipp av, han uroar seg også over tryggleiken.

– Vi må ha tryggleiksavstand mellom vognene på campingplassen, det blir kontrollert av kommunen. På rasteplassar kan dei stå tett i tett, og då kan ein tenkjer seg kva som kan skje om det blir bra. Det kan bli dramatisk, seier han.

Han meiner god informasjon er nøkkelen til å få slutt på snikcampinga, men føreslår også andre tiltak.

– Ein kunne gjere det ugunstig bratt for å sette opp ein bubil, slik at dei ikkje får den komforten.

Vil gjere meir for å kome i mål

Problematikken er ikkje ny for næringa. Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord seier det er ei utfordring som har vore i næringa i fleire år, både på grunn av det kommersielle og utfordringane knytt til tryggleik.

Ståle Brandshaug

UTFORDRING: Faktorar som forureining, tryggleik og økonomi uroar næringa dersom fleire vel å overnatte på rasteplassar i staden for på tilrettelagde stader, seier Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord.

Foto: Region Stavanger

– Blir det ståande fleire bubilar over fleire dagar så misser rasteplassen noko av funksjonen. Vi ynskjer at dei som reiser langs vegane brukar plassar som er tilrettelagt for overnatting, seier Brandshaug.

I reiselivet går diskusjonen på korleis dei skal handtere problemstillinga, og Brandshaug trur ein må gjere meir både frå deira side, men også frå kommunane og vegvesenet for å kome i mål.

– Vi må informere om at ein primært skal overnatte på tilrettelagde plassar og skilte stoppestader. Vi vil ha ein dialog med vegvesenet og kommunar på dette i løpet av sesongen. Spørsmålet er vel om ein ynskjer å forsterke dette eller legge til rette for at det blir mindre av det. Eg trur det blir trivelegare for alle om ein unngår for stor del av overnatting på rasteplassar.