Møte mellom partane i transportnæringa etter busskapring i går kveld

Partane i transportnæringa skal møtast så snart som mogleg, etter bussdrapa i går kveld.

Politiet arbeider med sporsikring rundt busssen.

UNDERSØKJER ÅSTADEN: Kripos kom i natt til åstaden, og undersøkjer området kring den kapra bussen.

Foto: Øyvind Bye Skille

– Vi prøver å få til møte så snart som mogleg, slik at vi ser kva vi kan få til på lang og kort sikt, seier administrerande direktør i NHO transport, Jon H. Stordrange.

Han seier gårsdagens busskapring, der tre personar vart drepne, er ei tragisk hending for heile bussbransjen.

Ein passasjer om bord på Valdresekspressen drap bussjåføren og to passasjerar med kniv i går ettermiddag. Hendinga skjedde mellom Årdal og Tyin.

Stordrange forstår at sjåførane syns det er mindre trygt å gå på jobb framover. No tek NHO initiativ til eit møte mellom arbeidstakarane sine organisasjonar og arbeidsgjevarane. Målet med møtet er å drøfte moglege tiltak for å betre tryggleiken på bussane.

– Vi må få vite meir om kapringa før ein kan gå inn på tiltak som kan styrke tryggleiken, understrekar Stordrange.

Same bussselskap råka for andre gong

Også Svein Furøy, forbundsleiar i Yrkestrafikkforbundet, YTF, som organiserer flest bussjåførar, er skaka over hendinga.

– Det er djupt tragisk, spesielt for dei pårørande til dei involverte. Og for sleskapet, som dessverre for andre gong på ti år opplever det same på akkurat same ruta, seier Furøy.

For også i 2003 vart Valdresekspressen kapra. Ein etiopisk mann drap bussjåføren med kniv, og vart seinare erklært psykotisk. YTF har arbeidd for auka tryggleik på bussane, då først og fremst med tanke på ran.

– Denne saka syner at det framleis er ting å ta tak i når det gjeld tryggleik for sjåførane, seier Furøy.

Leiar i transportarbeiderforbundet, Roger Hansen, ville i går kveld vere varsom med å starte diskusjonen om tryggleik før ein visste meir. Men, spørsmål er blitt stilt ved tidlegare hendingar som i 2003.

– Det vi då konkluderte med var at problemet ligg ein annan stad. Ein kan stille spørsmål ved om helsevesenet i Noreg er i stand til å fange opp personar som har personalege problem som gjer at dei burde vore på ein heilt annan stad enn på eit offentleg transportmiddel, seier Hansen.