Nærbutikkar med tru på framtida

VIKSDALEN (NRK): Nærbutikkane i Sogn og Fjordane satsar mest i landet på utbygging og modernisering. Meir enn halvparten av dei 45 småbutikkane i fylket er i gang med ei slik satsing.

Henny Råheim og Steinar Hatlestad utanfor butikken i Viksdalen

SATSAR: Dagleg leiar, Henny Råheim, på nærbutikken i Viksdalen og styreleiar i Viksdalen butikkbygg, Steinar Hatlestad, har utvida butikken for å gjere den meir attraktiv for bygdefolket.

Foto: Rune Fossum / NRK

I Viksdalen samla bygdefolket inn 2,3 millionar for å utvikle butikken sin. Dagleg leiar, Henny Råheim, viser fram den nyaste investeringa på butikken i Viksdalen.

– Vi har hatt panteautomaten i to veker no, fortel ho.

Mest offensive i landet

Dei driftige bygdefolka har nyleg bygd på for å få plass ein ny og betre kaffikrok for kundane sine, pluss den nye panteautomaten.

– Det har letta arbeidsdagen for oss. No slepp vi å telje flaskene sjølv, seier Råheim.

Den vesle Joker-butikken i Viksdalen er mellom 45 såkalla distriktsbutikkar berre i Sogn og Fjordane. Distriktsbutikkar er ein daglegvarebutikk som er siste butikken i ei bygd eller eit geografisk område.

No er meir enn halvparten av desse i fylket i gang med utbygging og modernisering. Noko som gjer lokale kjøpmenn til dei mest offensive i landet.

260 aksjeeigarar

Per Kjetil Jørgensen

FRAMTIDSTRU: Per Kjetil Jørgensen i kompetanseprogrammet Merkur meiner nærbutikkane viser at dei har tru på framtida.

Foto: Rune Fossum / NRK

Per Kjetil Jørgensen i det statlege kompetanseprogrammet Merkur hevdar at dette viser at nærbutikkane har tru på framtida.

– Eg trur vi har i fylket har veldig mange dyktige og engasjerte kjøpmenn som har tru på butikken sin og bygda si, samt har eit godt samspel mellom butikken og bygda. Dette er ofte nøkkelen for nærbutikkane, seier han.

På nærbutikken i Viksdalen er det ikkje berre butikk – her er det også drivstoff, post i butikk, tipping, bank i butikk og formidling av pakkepost.

For då butikken ville ha nye lokale i 2008, fann innbyggarane ut at dei ville hjelpe til. Resultatet vart ein folkebutikk med heile 260 aksjeeigarar.

Tykkjer det er kjekt å satse

Styreleiar Steinar Hatlestad i Viksdalen Butikkbygg fortel at bygdefolket spytta inn totalt 2,3 millionar kroner.

– For bygda har dette vore viktig. Vi fekk ein stor og flott butikk. Samstundes fekk vi eit nytt samlingspunkt og vi fekk rydda opp i området rundt sentrum, fortel han.

Råheim og Hatlestad

UTVIDAR: Hatlestad og Råheim har i tillegg til det vanlege utvalet i butikken no panteautomat og kaffikrok å tilby kundane.

Foto: Rune Fossum / NRK

I første halvdel av 2015 fekk 24 småbutikkar i Sogn og Fjordane tilsegn om til saman fem millionar kroner frå Merkur-programmet til investeringar. På landsbasis fekk 121 butikkar 25,3 millionar.

Sjølv synest den daglege leiaren i Viksdalen det er kjekt å satse.

– Vi ligg nær Førde sentrum så det er det som er spenningsmomentet, men så langt har det gått veldig bra. Folk er bevisste, dei er medeigarar i bygget, og det hjelpe på trur eg, samstundes føle dei tilhøyrsle til butikken også er det ein sosial møteplass, seier Råheim.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.