Hopp til innhold

Nær teken av ras på Strynefjellet

Ein bilførar vart nær teken av eit snøskred på Strynefjellet torsdag føremiddag.

Snømassane frå skredet gjorde at mannen sin bil sette seg fast, og han trengde hjelp for å kome seg laus.

Riksveg 15 over Strynefjellet var stengd i to timar etter raset, men er no opna att.

Raset gjekk nokre hundre meter nedanfor avkøyrsla til Gamle Strynefjellsvegen i Hjelledalen.