Nær fullsett turistbuss kom over fjellet med sommardekk

Kontrollør Frode Hålien vart overraska då eit busslast med asiatiske turistar rulla inn på Håbakken trafikkstasjon. Han vart meir overraska då han såg sommardekka på framakslingen.

Kontrollstasjonen på Håbakken

KONTROLLSTASJON: Ved Håbakken i Lærdal kontrollerer Statens vegvesen køyretøy som køyrer på både E16 og riksveg 52.

Foto: Rune Fossum / NRK

Turistbussar om vinteren er ikkje daglegdags. Det er heller ikkje sommardekk på vintervegane.

– Ikkje bra. Eg ville ikkje møtt ein buss med sommardekk på vintervegane. I ein naudssituasjon der føraren må bremse eller styre, så kan det gå gale, seier Frode Hålien, kontrollør for vegvesenet ved Håbakken trafikkstasjon.

Visste ikkje om

Frode Hålien

KONTROLLØR: Frode Hålien seier føraren av den polske turistbussen aksepterte gebyret etter at han vart klar over at det var sommardekk han køyrde med.

Foto: Rune Fossum / NRK

Den nær fullsette polske bussen var på veg frå Oslo til turistmagneten Flåm i Aurland. Turen over den kanskje mest trafikkerte fjellovergangen mellom Aust- og Vestlandet, Hemsedalsfjellet, gjekk fint, men på Håbakken flagra hundrelappane.

Mønsterdjupna var innanfor det lovlege, men dekka var likevel svært dårleg eigna for norsk vinterføre.

Føraren fekk 750 kroner i gebyr for kvart sommardekk, samt ein tusenlapp for ein manglande kjetting.

– Han forklarte at han ikkje visste at det var sommardekk på framakslingen, men det er føraren som har ansvaret for at køyretøyet er rett skodd for føret, seier Hålien.

Retur i dag

Turistbuss på sommardekk

SOMMARDEKK: Sommardekka den polske turistbussen kom til Lærdal med hadde godkjent mønsterdjupn, men var likevel lite eigna for norsk vinterføre.

Foto: Statens vegvesen

I låglandet i Sogn var det ikkje vinterføre, så turbussen fekk halde fram ferda til Flåm. Firmaet lova å syte for vinterdekk før returen til Oslo i dag.

– Sjefen i firmaet lova å skaffe vinterdekk som skulle leggast på i går kveld, seier Hålien. Blir bussen stoppa igjen, kan det vanke kraftigare reaksjonar.

– Stoggar vi den igjen med sommardekk, så blir det nytt gebyr. Skal bussen brukast på snø, blir det lagt ned eit bruksforbod på bussen, seier han.

Farlegare enn bussen

Kontrolløren seier det heldigvis ikkje er ofte at dei stoppar køyretøy med sommardekk på vinteren. Under kontrollen i går stogga dei likevel eit norsk vogntog med åtte sommardekk på hengaren.

Hengaren var tom og skulle ut på vinterlege vegar.

– Det var kanskje farlegare enn bussen. Ein tom hengar kan lettare skli ut ved bremsing og i svingar, seier Hålien.

Føraren fekk 6.000 kroner i gebyr.

– Han forklara at hengaren ikkje var i vanleg bruk og skulle flyttast. Føraren tenkte ikkje over at det kunne vere sommardekk på den, seier Hålien.