Hopp til innhold

Gjer tekniske undersøkingar på båten

Politiet er ganske sikre på kva som starta brannen om bord i den 73 fots trebåten i Eivindvik natt til onsdag. To personar berga seg ut.

Båtbrann i Eivindvik

TAKTISKE UNDERSØKINGAR: Politiet skal i løpet av torsdagen gjere nokre tekniske undersøkingar på båten. – Vi har eit godt bilete av kva som har skjedd, opplyser politiet.

Foto: 03030-tipser

To menn berga seg ut av den brennande båten som låg til kai ved slippen i Eivindvik. Båten og dei to om bord var på veg nordover men hadde fått motorhavari og fekk ligge ved kaien til slippen i Eivindvik medan eigaren skulle reparere av båten. Men natt til onsdag vart båten totalskadd i brann.

– Vi har avhøyrt eit par vitne som var til stades og observerte brannen. I tillegg skal vi gjere nokre tekniske undersøkingar om bord i båten i løpet av torsdagen. Det fortel Roar Brudvoll ved Gulen, Masfjord og Solund lensmannsdistrikt.

Båtbrann i Eivindvik

FLEIRE EKSPLOSJONAR: Båten vart raskt overtent.

Foto: 03030-tipser

Brannen spreidde seg raskt

Brannen skal ha spreidd seg raskt om bord i båten og det var ei stund fare for at den skulle spreie seg til kaia som er av tre. Under brannen skal de ha vore fleire eksplosjonar. Det skal ha vore ti kilo propan om bord i båten.

Politiet opplyste onsdag at det medan båten var under reparasjon av ein dynamo skal ein del batteri ha blitt sett på lading, og at brannårsaka kunne ha ein samanheng med det.

– Så vi er ganske nær å finne årsaka til brannen. Men vi reknar ikkje med å vere i mål med endeleg konklusjon før i løpet av eit par – tre veker, seier Brudvoll.

Held båten flytande

Det var i heile går fare for at båten skulle gå ned med 200 liter diesel om bord. Men brannvesenet fekk utover dagen på plass lenser til å pumpe båten for vatn.

– Vi jobbar framleis med å halde båten flytande. Båten blir pumpa for å halde båten flytande.

Dei to mennene om bord vart frakta til legevakta, men kom relativt uskadde frå hendinga.

– Båten vil bli frigitt i løpet av dagen. Eigar jobbar med å finne ei løysing for kva som skjer med båten etter det, seier Brudvoll.