Hopp til innhold

Nær 8 000 har sett Astrup-utstillinga i London

Allereie etter to veker har Astrup-utstillinga i London hatt over dobbelt så mange gjester som Astruptunet på Jølster hadde i fjor.

Ian Dejardin, H.M. Dronning Sonja og kurator Maryanne Stevens

OPNINGA: Galleridirektør Ian Dejardin (t.v.), saman med H.M. Dronning Sonja og kurator Mayranne Stevens (t.h.) under opninga av Astrup-utstillinga i byrjinga av februar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det seier oss at vi har eit stort potensial for Astruptunet også. Det er heilt klart, slår Anders Bjørnsen, avdelingsdirektør i Sparebankstiftelsen DNB, fast.

Sidan Astrup-utstillinga opna i byrjinga av februar, har 7 735 personar teke turen til Dulwich Picture Gallery.

– Berre i førre veke løyste 3 478 billettar. Det er svært mykje til å vere i ei av opningsvekene, seier kommunikasjonssjef Louisa Bee.

Budsjett på 30 000

Det er Sparebankstiftelsen DNB som saman med KODE museum i Bergen har sendt Jølster-kunstnaren på sin første internasjonale turne.

Anders Bjørnsen

KAN GLISE: Anders Bjørnsen er godt nøgd med besøkstala til Astrup-utstillinga. – Vi er stolte og glade for at vi får vise Astrup sett gjennom internasjonalt auge, og at vi har ei rekkje bilete som ikkje har vore vist sidan Astrup si eiga tid, seier han.

Foto: Oddleif Løset / NRK

H.M. Dronning Sonja opna utstillinga i ein lukka seanse 3. februar. To dagar seinare opna dørene for det offentlege.

Bjørnsen sette eit «hårete mål» om 50 000 publikumarar før utstillinga stengjer 15. mai. Dei er på god veg.

– Museet har budsjettert med 30 000, og er veldig nøgde med alt over det. Held denne fine trenden fram, så snakkar vi kanskje mellom 40 000 og 50 000 gjester. Det er også vi veldig nøgde med, seier Bjørnsen.

Dronninga på Astrup-utstilling i London
Foto: Oddleif Løset / NRK

Trygg på vinnar

«Nikolai Astrup: Painting Norway» har fått mykje positiv omtale i engelsk presse. Mellom anna ei dobbeltside i storavisa The Guardian

– Medieomtale var aldri noko problem no. Vi har snakka om at det hadde vore kjekt med eit dobbeltsidig oppslag før ei utstilling. Plutseleg kom den, fortalde galleridirektør Ian Dejardin før opninga.

– Alle teikna for ein god oppslutnad er på plass, så eg er trygg på at vi har ein vinnar, la han til.

Ryktebørs

Bjørnsen i Sparebankstiftinga er ikkje i tvil om at oppslaga i media er medverkande til at Dejardin får rett.

I museumsbutikken opplever dei langt større sal enn venta av Astrup-effektar.

– Men det absolutt viktigaste er at folk som er der, gir så utruleg bra score og fortel naboar og vener at dette må dei få med seg. Det er rett og slett blitt ein «snakkis», seier han.

Håpar på effekt

I forkant av utstillinga var ei lang rekkje britiske journalistar på Jølster. No er stiftinga i gang med å planlegge liknande presseturar opp mot utstillinga i tyske Emden.

– Vi planlegg to eller tre turar i mai og juni for norske og tyske journalistar. Vi håpar det vil gi effekt, seier han.

Effekt håpar også avdelingsleiar Solveig Berg ved Astruptunet i Jølster å sjå. Museet har hatt fallande besøkstal. Siste åra med kring 3 000 gjester.

– Men effekten av dei utanlandske utstillingane ser vi nok ikkje før til neste år. Derimot håpar vi å allereie på seinsommaren sjå effekt av utstillinga som i juni opnar ved Henie Onstad-museet, seier ho.