Hopp til innhold

Nær 700 har måtte blåse - berre to bles til lågpromille

I løpet av helga har politiet i Sogn og Fjordane kontrollerte nær 700 førarar opp mot promille. Av desse har to førarar blåse til lågpromille. – Positivt, konkluderer politiet.

Promillekontroll ved Hafslo i Luster

PROMILLEKONTROLL: Av 106 kontrollerte førarar langs vegane i Luster bles ein til lågpromille. Vedkommande fekk køyre vidare etter ei stund. Biletet er frå kontrollen på Hafslo søndag ettermiddag.

Foto: Politiet

Operasjonsleiar Trond Hatlenes kan konstatere at politiet har vore svært synlege langs vegane rundt omkring i fylket denne helga. Ei oppteljing klokka 16 søndag ettermiddag viser at patruljane på jobb har stogga og kontrollert til saman 676 førarar (sjå faktaboks).

Trond Hatlenes

POSITIVT: Seier operasjonsleiar og trafikkoordinator hos politiet i Sogn og Fjordane, Trond Hatlenes, om få utslag på promillekontrollane denne helga.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Vi nærmar oss julebordssesongen og då ønskjer vi å vere synlege ute i trafikken. Vi vil vise at vi tek køyring i rusa tilstand på alvor, seier Hatlenes.

Under 0,2 i promille

Hatlenes er også trafikkoordinator for politiet i Sogn og Fjordane. Resultata av dei mange kontrollane gler han seg over.

For av nær 700 kontrollerte har berre to av dei blåse til lågpromille, som vil seie promille under 0,2.

– For det første er det veldig bra jobba av alle dei som har vore på jobb og gjennomført kontrollane. At berre to har lågpromille er veldig positivt, seier han.

Håpar det verkar førebyggande

Ein av dei som har vore ute langs vegen er Luster-lensmann Asle Karoliussen. I hans kommune stod dei på fylkesveg 55 ved Gaupne laurdag føremiddag og ved Hafslo søndag føremiddag. Av til saman 106 kontrollerte førarar, bles ein til lågpromille.

Asle Karoliussen

FØREBYGGANDE: Lensmann i Luster, Asle Karoliussen, håpar synleg politi langs vegane har ein førebyggande effekt.

Foto: Heidi Fagna

– At det berre er ein førar der det slår inn som lågpromille, er ein indikasjon på at dette er ganske bra. Samtidig veit vi at dette kan variere, seier lensmannen.

Han seier målet er at slike kontrollar også skal ha ein viktig førebyggande effekt.

– Vi er på jakt etter den førebyggande effekten, ved å vise at vi er ute på forskjellige tidspunkt. Ikkje minst blir dette førebyggande i forhold til den personen vi tok, men også for andre som får seg ein vekkar, seier Karoliussen til NRK.no.

Klar oppmoding frå politiet

Med ein desembermånad like rundt hjørnet er det mange som skal ut på fest og moro saman med kollegaer og vener. Alkohol blir servert i mange lystige lag, og operasjonsleiar Trond Hatlenes har ei enkel, men viktig oppmoding til folk som skal ut med bil dagen deretter.

– Dei må tenkje på at alkoholen kan sitje lenge i kroppen, ofte lenger enn ein trur. Det er lurt å leggje inn ein ekstra tryggleiksmargin når ein skal ut å køyre bil neste dag.

– Ikkje sett deg bak rattet på morgonen, vent til godt ut på ettermiddagen.