Hopp til innhold

Nær 200 menneske evakuert etter gasslekkasje

SOGNDAL (NRK): Mellom 150 og 200 menneske er evakuerte frå Fosshaugane Campus på grunn av gasslekkasjen. To timar etter at lekkasjen vart oppdaga har brannvesenet framleis ikkje kontroll.

gasslekkasje ammoniakk sogndal fosshaugane

LEKKASJE: Brannvesenet jobbar med å få stengt lekkasjen. Foto/video: Idun Husabø/Stine Kyrkjebø Johansen

– Det er framleis lekkasje av ammoniakk. Røykdykkarar frå brannvesenet med kjemikalieverndrakt jobbar fortløpande med å få tetta lekkasjen, seier dagleg leiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Terje Brandsøy, til NRK.no like før klokka 12.

– Er det eit krevjande arbeid?

– Det å jobbe i kjemikalieverndrakt er eit tungt arbeid. I og med at dei ikkje har fått kontroll over situasjonen er dette krevjande. Dei jobbar intenst med å få kontroll på situasjonen, seier Brandsøy.

Ammoniakk er ein svært giftig gass som er farleg å puste inn. Det er framleis ukjend kor mykje gass som har leke ut.

Ingen får kome inn i bygget

Fosshaugane Campus er eit stort anlegg der både Sogndal Fotball, Høgskulen i Sogn og Fjordane og fleire bedrifter har lokale. Over 500 menneske jobbar på anlegget. Alle naudetatane rykte ut til lekkasjen som brannvesenet fekk melding om rett før klokka 10.

Politiet har ikkje fått melding om at nokon har blitt skadde i samband med lekkasjen.

Det er sett opp politisperringar rundt bygget, og det står vakter ved inngangane som passar på at folk ikkje går inn. Alle vindauge er sett opp, truleg for å få lufta ut gassen.

Tank med 150 kilo

Det skal fort ha kome kraftig gasslukt i området rundt campus. Ammoniakkgassen vert, ifølgje politiet, normalt brukt i samband med kjøling.

– Vi har kjemikaliedykkarar inne no som jobbar for fullt, men vi veit ikkje kor mykje gass som har leke ut, opplyste Roy Humlestøl ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane i 10.30-tida.

Fosshaugane Campus i Sogndal blir no evakuert. Omfanget av lekkasjen er enno ukjend. Foto: Christian Blom

STORE RESSURSAR: Brannvesenet har sett inn store ressursar for å få kontroll på lekkasjen. Video: Christian Blom

Ifølgje Alarmsentralen er det snakk om ein tank på 150 kilo ammoniakk som brannvesenet enno ikkje har kontroll på. Kjemikaliedykkarar jobbar framleis for fullt med å få tetta lekkasjen.

– Det var 150 kilo på tanken og vi har ikkje kontroll på kor mykje som har leke ut eller som er att på tanken, seier Brandsøy til NRK.no like før klokka 12.

Evakuerte etter gasslekkasje på fosshaugane

EVAKUERT: Folk er nysgjerrige på kva som skjer.

Foto: NRK-tipsar

Bedne om å halde avstand

Humlestøl ved Alarmsentralen ber folk som kjenner lukta, om å halde seg på avstand.

– Om ein står midt i gassen over lenger tid og i store mengder, er det helseskadeleg. Men ein kjenner lukta såpass godt, så folk som luktar gassen må komme seg vekk frå derifrå.

– Vi har ikkje fått tilbakemelding frå staden enno, men det vi veit er at lekkasjen skal kome frå eit teknisk rom. Førebels har vi ikkje fleire opplysningar, seier operasjonsleiar hos politiet, Inge Værøy litt over klokka 10.

NRK sin reporter fortel at folk i bygget har blitt bedne om å gå ut næraste utgang og halde seg på avstand.

– Vi fekk berre beskjed av administrasjonen om å ta ein tur ut. Her er det no redningsbilar, ambulanse og to brannbilar. Folk frå Campus står rundt og lurer på kva som skjer, seier Idun Husabø ved Vestlandsforsking, som også har lokale på anlegget.

Brannvesenet fekk først melding om røykutvikling etter at brannalarmen gjekk på anlegget.

kjemikaliedykkarar fosshaugane

UNDERSØKER: Kjemikaliedykkarar frå brannvesenet.

Foto: Idun Husabø