Hopp til innhold

Nådelaus kritikk mot Bremanger

- Bremanger har brote færrast paragrafar, men dei har gjort det rimeleg grundig, seier Fylkesmann Oddvar Flæte.

Fylkesmann Oddvar Flæte og juridisk sjef hjå Fylkesmannen, Arvid Mellingen.

Fylkesmann Oddvar Flæte og juridisk sjef hjå Fylkesmannen, Arvid Mellingen, krev at kommunane sel dei amerikanske obligasjonane.

Foto: Arne Eithun / NRK

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane feller ein knusande dom over Vik og Bremanger kommunar. Begge må selje obligasjonane dei investerte i gjennom Terra Securities.

Verst stilt er Bremanger, der fylkesmannen har inntrykk av at seljarane til Terra Securities har skrive delar av den kommunale sakshandsaminga.

- Uforsvarleg handsaming

Fylkesmannen meiner administrasjonen har gått langt ut over fullmaktene og har teke vesentlege finansielle risikoar ved å bytte bort både kommande inntekter på eigedomsskatt på kraftverk, husleigeinntekter og konsesjonsavgift med inntekter.

- Særleg kritikkverdig at kommunen ved ei stor investering på 170 millionar ikkje ser ut til å ha gjennomført den mest elementere form for forsvarleg sakshandsaming. Rådmannen hadde ikkje utfyllande informasjon om investeringane og skaffa seg heller ikkje innsyn i risikoelementet, seier han.

- Må selje obligasjonar

Fylkesmannen gir likevel kommunane eit lite pusterom. Hadde dei vorte nøydde til å selje unna obligasjonane sine no ville tapa vorte veldig store. Om ei stund kan salssummen bli større.

- Dersom kommunen må selje seg ut raskt, kan det medføre unødig store tap for kommunen. Fylkesmannen har difor ikkje innvendingar til at kommunen i samarbeid med sine rådgjevarar brukar forsvarleg tid til å avhende obligasjonane. Fylkesmannen avventar ei vurdering frå kommunen om kva dei meiner er forsvarleg tid, skriv Fylkesmannen i pressemeldinga si i dag.

Vik-ordføraren: - Takk for pusterommet

- God gamal regel

Etter å ha leita med lys og lykter, har Flæte funne formildande omstende i investeringane.

- Det er slik at Terra har sitt utsprik frå Sparebankane. Det har vore ein god gamal regel å stole på Sparebankane, det er ein viss formildande omstende. Det er i liten grad formildande at seljarane gjekk rimeleg hardt på. Det er ein barnelærdom som bør inn i kommunane at ein ikkje må gå inn i meir kompliserte produkt enn ein sjølv forstår, seier han.

KOMMUNALMINISTEREN: Kommunane må rydde opp sjølve