Hopp til innhold

Vektløftarane vart for lette under EM

Målet om å bli blant dei 10 beste under junior EM i vektløfting på Kypros gjekk ikkje etter planen. – Det er berre å trene meir, seier Gunnar Reiakvam.

Jantsen Øverås i rykk

IKKJE ETTER PLANEN: Jantsen Øverås nådde ikkje målet under Junior EM.

Foto: Per Mattingsdal

Under EM for juniorar på Kypros denne veka var det ingen norske plasseringar blant dei ti beste.

– Totalt sett må vi vel seie at det var litt skuffande når vi ikkje er blant dei ti beste, seier trenar Gunnar Reiakvam.

Naustdalstropp til EM

Den norske troppa til EM var Jantsen Øverås og Tore Gjøringsbø frå vektløftarklubben i Naustdal. Av dei to var det Jantsen Øverås som gjorde det best med ein 11. plass totalt.

– Han løfta 114 kg i rykk og 133 kg i støt. Så det er godt. Med det vann han B-puljen. Men vi hadde vel håpa på betre utteljing, seier trenar Gunnar Reiakvam.

Øverås er i klassen 69 kg. Han byrja med 110 kg i rykk, men tok 114 i andre forsøk. Men 116 kg vart for tungt.

– Løfta hans var heilt greie, og han gjorde ein bra prestasjon, seier Reiakvam.

I støt byrja han på 133 og vart ståande med det etter at 138 og 140 kg vart for tungt.

– Ikkje dagen

For Tore Gjøringsbø var ikkje trenar Reiakvam heilt fornøgd.

– Han hadde nok ikkje heilt dagen. Så eg må vel seie eg var litt skuffa.

Gjøringsbø går i 96 kg-klassen og med totalt 280 kg vart han nummer 13 og nummer to i B-puljen.

(Saka held fram under bilete)

Tore Gjøringsbø i støt

INNFRIDDE IKKJE: Tore Gjøringsbø hadde ikkje dagen under junior EM. Han enda på ein 13. plass.

Foto: Per Mattingsdal

Han vart ståande med 122 kg som var det første løftet. Han var sjanselaus på dei to andre løfta på 126 kg.

I spesialøvinga støt tok han lett 153 kg i første forsøk, men først i tredje forsøk fekk han 158 kg.

Det var ingen av dei nordiske utøvarane som var betre enn dei to vektløftarane frå Naustdal under meisterskapen.