Hopp til innhold

Nabokrangel om bubil-skit

Ein bitter nabokrangel om mellom anna bubilskit hamnar no i retten.

Toalettømmeanlegg-skilt

Hyttenaboar til campingplassen til Inge Melkevoll meiner tømmingsplassen for bubiltoaletta ligg alt for nærme feriehuset deira.

Advokat for hytteeigarane, Magne Storebø seier dei ikkje finn seg i situasjonen.

- Vi ser at det ligg vannstriper bortover, og om det er vatn eller urin og partiklar frå avføring er vanskeleg å seie,  seier han.

Konflikt i fleire år

Konflikten mellom Inge Melkevoll i Melkevoll Bretun og personane som eig hytta på nabotomta har pågått i fleire år. I 2000 vart den nye tømmeplassen som ligg like attmed nabotomta teken i bruk.

Hyttenaboane klaga då til Fylkesmannen fordi det ikkje vart søkt om godkjenning for plasseringa av anlegget. Fylkesmannen slo fast at det burde vore søkt, men bygningsrådet i Stryn godkjende anlegget.

- Dei er glade i denne plassen, det er ein stad der familien samlast, seier advokaten.

- Sikker på å vinne

Inge Melkevoll
Foto: NRK

I tillegg klagar dei på at turistane får plassere campingvognene heilt inntil gjerde, og at ein bekk er stengt av. Men Inge Melkevoll seier han er sikker på å vinne rettssaka. 

- Eg ser fram til å forklare meg i retten og leggje fram alle bevis. Eg meiner eg har handla rett heile tida. Det dette handlar om, er om ein skal ha næringsutvikling i dette området eller ha ein fritidseigedom som bandlegg mykje næringsareal i eit viktig område, seier han.

Saka kjem opp i Fjordane tingrett i september.