Nabokommunar kranglar om kommunereform

Gloppen og Stryn kranglar om felles prosess om kommunereforma i Nordfjord. Kommunane i midtre og ytre Nordfjord vil ha felles utgreiing om ei storkommune i Nordfjord, men mykje tyder på at Stryn vil seie nei.

Montasje Anders ryssdal og Per Kjøllesdal

KRANGLAR OM KOMMUNEREFORM: Ordførar i Gloppen Anders Ryssdal (Sp) og gruppeleiar for Senterpartiet i Stryn. Per Kjøllesdal er usamde om prosessen for kommunesamanslåing i Nordfjord.

Foto: Oddleif Løset/Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det blir forferdeleg kronglete at ikkje kommunar kan ta og gi, og samarbeide. Det borgar ikkje godt for når vi ein gong skal bli ein kommune, seier Anders Ryssdal (Sp), som er ordførar i Gloppen.

Både Selje, Vågsøy, Eid og Gloppen har sagt ja til felles utgreiing om kommunereforma i Nordfjord. Utgreiingane skal innehalde både ei storkommune, men også eit meir oppdelt Nordfjord. Modellen og arbeidsmåten er inspirert av det arbeidet som no blir gjort i Sunnfjord, Men mykje tyder no på at Stryn seier nei til ei slik felles utgreiing.

Bør greiast ut

Rådmannen tilrår nei, og politiske signal tyder på det same. Ryssdal meiner det er pussig at kommunar som skal bli samde om å slå seg saman ikkje eingong kjem kvarandre i møte når det gjeld å bli samde om prosess.

– Når ein set i gong med ei kommunereform, så burde ting greiast ut. Dette handlar også om at ein ikkje skal sitte i ettertid og spørje seg om kvifor ein ikkje har utgreidd ulike moglegheiter.

Ordførar Sven Flo var fredag i møter og kunne ikkje kommentere saka, gruppeleiar for Sp i Stryn Per Kjøllesdal seier han ikkje har konkludert, men seier så lite tyder på at Stryn og Hornindal vil vere med i ei storkommune for heile Nordfjord, at det kanskje ikkje er verdt å greie ut.

Stiller spørsmål ved kva om bør greiast ut

– Så kan ein diskutere kor mykje tid og ressursar ein skal bruke på å greie ut ting som ein eigentleg ikkje har tru på at det kjem noko ut av, seier Kjøllesdal.

– Ligg der ei- fare i at ein kan blir oppfatta som for eigenrådig i ei tid der ein skal inn i ein prosess og diskutere noko som verkeleg kan bli tungt og vanskeleg, nemleg å gå inn i ein storkommune i lag?

– Eg håpar ikkje det. Dersom konklusjonen er at dette vil vi uansett ikkje gå inn i, då syns eg at det er like rydding å gi beskjed om det før ein har brukt ein masse ressursar på det som etterpå. Men no får vi diskutere saka og sjå kva vi landar på.

Ryssdal trur på si side at konsekvensen av eit nei til felles utgreiing er at Nordfjordrådet blir parkert i kommunereformdebatten. Han opnar no for at Eid og Gloppen anten åleine eller saman med Stryn og Hornindal vurderer samanslåing, og at ytre køyrer eiga utgreiing.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.