Hopp til innhold

Naboar vil slå seg saman, men ikkje med kvarandre

Eid opnar opp for stor-Nordfjordkommune att. Selje er gjerne med på det, men Vågsøy i midten vil satse på kysten.

Tre ordførarar i Eid, Vågsøy og Selje

KVAR: Dei er alle positive til å slå seg saman med ein nabo eller to, men har alle ulik oppfatning av kva retning det er best å gå i. Alfred Bjørlo (V) i Eid vil ha heile Nordfjord med på laget. Kristin Maurstad i Vågsøy (Ap) ser mot kysten og i kystkommunen Selje ser Stein Robert Osdal (KrF) gjerne mot Nordfjord, men ikkje kysten.

Foto: kollasje/NRK

Eid har Gloppen som førsteprioritet, men når dei etter alle solemerke seier nei til giftarmål i dag, frir Eid gjerne til andre.

– Vi veit at det er ein sjanse for at det blir nei i Gloppen. Då seier vi i vår innstilling at vi er positive til å snakke med andre nabokommunar om kva moglegheiter som finst, seier Eidordførar Alfred Bjørlo (V).

Alfred Bjørlo

GLOPPEN: Når Glopparane fredag seier sitt, blir det også klart om Eidordførar vil invitere til ny storkommune i Nordfjord.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Formannskapet i kommunen gjekk torsdag samrøystes inn for at ein seier ja til intensjonsavtalen med Gloppen. Politikarane i nabokommunen er ikkje like positive, så når kommunestyret der samlast for å seier sitt blir det etter alt å døme nei til ein ny kommune. Framsynte politikarar på Eid har difor også sikra at dei har andre alternativ på blokka.

– Vi seier i vår innstilling at vi er positive til å snakke med andre nabokommunar om kva moglegheiter som finst. Vårt ynskjemål er å finne breiare løysingar i heile Nordfjord, seier Bjørlo.

Ingen enkel kabal

Kva kommunar som er mest aktuelle å sonderer terrenget vidare med vil ikkje Bjørlo ut med, og kva som faktisk let seg gjere er heller ikkje så lett å få oversikt over. I Selje ser ordførar Stein Robert Osdal (KrF) positivt på invitasjonen som truleg dukkar opp.

– Vi fronta dette i 2014 saman med Eid, men det er fleire kommunar som må snu haldningane sine til ein Nordfjordkommune. Vi ser positivt på å slå oss saman med Eid og andre kommunar.

Mellom dei to kommunane ligg Vågsøy, og der er stemninga litt annleis. Eit klart fleirtal av veljarane i Vågsøy sa tidlegare i år ja til å slå seg saman med Selje, men i Selje var folket negative. Og no stretar politikarane i Vågsøy også litt i mot å sjå heile Nordfjord under eitt.

– I løpet av prosessen så har det nok frå politisk hald i Vågsøy blitt meir fokus på ein kystkommune, men for all del, blir ein nordjordfkommune tema igjen, så må vi diskutere det, seier ordførar Kristin Maurstad (Ap).

Kristin Maurstad

KYSTEN: – Vi er positive til andre kystkommunar, og vi seier det er viktig at Måløy får utvikle seg som eit senter, seier Vågsøyordførar Kristin Maurstad (Ap) om kva kommunestyret vil gjere framover.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

I kommunestyrevedtaket frå torsdag ser dei mot kysten heller enn innover i Nordfjordlandskapet. Dei ser at det er nødvendig med eit tyngdepunkt på kysten, men Maurstad understrekar at ein ikkje har ekskludert nokon.

Bjørlo meiner det er eit stor-Nordfjord som er naturleg sidan kommunane allereie samarbeider om tenester i stor grad. For Osdal i Selje er gode alternativ velkomne på bordet, men ein ting er han klar på.

– Det som kjem opp no må vere realistisk. Då tenkjer eg at ein liten eller heile del av Nordfjord er det vi må jobbe med.