NRK Meny
Normal

Linda er næraste nabo med sakna Veronica - såg lys i huset hennar dagen ho forsvann

SOGNDAL (NRK.no): Politiet held alle moglegheiter opne i jakta på ei løysing på kva som kan ha skjedd med Veronica Heggheim Stegegjerdet (22). For dei næraste naboane i Sogndal er det heile ei svært ubehageleg oppleving. Dei såg lys i huset hennar den dagen ho forsvann.

Naboane til sakna Veronica Heggheim Stegegjerdet er uroa. Leitinga held fram i Sogndal.

NABOANE ER UROA: Linda Ediassen bur berre nokre få meter frå huset der den sakna Veronica Heggheim Stegegjerdet bur, og der ho sist vart sett 25. oktober.

Frå kjøkenvindauga i grenda Årøy i Sogndal ser Linda Ediassen rett opp på huset til Veronica. Der er det mørkt no, og ingen veit kvar det har blitt av nabojenta, som budde der med husdyra sine.

– Det er no berre vi som bur her, men vi kjenner ho ikkje. Einaste vi har visst om ho er at ho har ein stor hund og ein stor katt, seier Ediassen til NRK.no.

Saman med mannen og dei fire borna deira ventar ho i spenning på om politiet klarer å løyse forsvinningsgåta.

– Det er veldig ekkelt, spesielt når det no har gått så lang tid. Vi får håpe dei finn ut av det snart, seier Ediassen til NRK.

Veronica har vore sakna frå heimen sin sidan laurdag 25. oktober, og førebels har politiet ingen sikre spor å gå etter. Det har vore omfattande leiteaksjonar i nærområdet, og samstundes har politiet drive taktisk og teknisk etterforsking. Sogndal lensmannskontor har fått bistand frå andre politiregionar, og no også frå KRIPOS i saka.

.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

SAKNA: Veronica Heggheim Stegegjerdet.

Foto: Privat / NRK

Var lys i bustaden

– Dei eldste borna tenkjer nok på det, vi føler at det er trygt og godt her uansett. Vi hadde i grunn ikkje noko å seie til politiet vi heller. Det var lys der oppe fram til den laurdagen, så det må jo ha skjedd noko, seier nabokvinna Linda Ediassen.

I dag har politiet leita nok ein gong gjennom nærområdet rundt huset til Veronica. Denne gongen med ein såkalla kriminalsøkshund frå politiet i Bergen, fortel innsatsleiar Stein Helge Selland.

– Her er det ein del krevjande terreng, så vi ønskjer å vere heilt 110 prosent sikre på at det ikkje finst nokon her. Vi reknar med at mannskapet som har vore gjennom området her tidlegare har gjort ein kjempejobb, og vi ønskjer berre no å vite at alle kløfter og sprekkar i landskapet er gjennomsøkt.

VG skriv tysdag kveld at politiet har sikra seg fleire hundre timar med overvåkingsvideoar frå ulike stader i Sogndal.

– Det er snakk om fleire titals kamera, og fleire hundre timar med opptak, seier politibetjent Stein Helge Selland til avisa.

Tidsfaktoren er vanskeleg

Fungerande regionlensmann Asle Karoliussen har i likskap med kollegaene hatt lange arbeidsdagar i samband med forsvinningssaka. Han forsikrar at dei gjer alt dei kan for å løyse gåta.

– Vi har fått på plass bistand på analyse som vi har bede om, og den jobben er starta. Vi held fram med vitneavhøyr og avhøyr av dei som kan bringe klarheit i kva som kan ha skjedd, seier Karoliussen.

Han legg vekt på at dei framleis har mange arbeidsoppgåver, ikkje minst i høve det å setje ting i system og analysere dei opplysningane dei har fått inn.

– Vi har ei utfordring sett i forhold til tid. Tidsfaktoren er alltid vanskeleg. Vitneobservasjonar blir svekka over tid, men vi får ikkje gjort noko med tida. Vi må berre jobbe så raskt og så effektivt som mogleg. Så har vi eitt håp om å få på plass det siste søket i Barsnesfjorden, seier regionlensmannen.

For å få til dette må det lokale politiet ha bistand frå Rogaland politidistrikt igjen, og det skal vere avsett midlar til meir søk med undervassutstyr.

Hundeekvipasje på søk i Årøy

HUNDESØK: Ein kriminalsøkshund frå Bergen har i dag vore med og søkt i området rundt bustaden til den sakna kvinna i Årøy i Sogndal.

Foto: Rune Fossum / NRK

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Veronica-saken» i nytt vindu

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser