Loen. Foto©NRK
Det meiner naboane i byggefeltet som har laga ei underskriftskampanje der dei krev tiltak for å få bukt med problema. Inger Hogrenning er lei av å ikkje få sove.
- Eg er sint og eg har ikkje tenkt å gje meg, for dette kan ikkje vere lovleg. Det er særleg nattarbeidet vi reagerer på, fortel ho.
Krev nattesøvnen tilbake
Innbyggjarane i byggefeltet i Loen har alle fått nok av støyen frå Stryn Betong. Dei har samla seg om ei underskriftskampanje med krav til Stryn kommune og til Fylkesmannen der dei krev nattesøvnen tilbake, for dei er leie av at bedrifta jobbar heile natta. Men også sementstøv i store skyer skapar problem og frustrasjon for innbyggjarane i Loen.
Skjemmande tårn
Også Eivind Grov ved Alexandra hotell har skrive under på kampanjen og han meiner tårnet ved Stryn betong er skjemmande for turistbygda.
- Skal du ta eit bilete innover bygda, er det skjemmande med det blå tårnet. Ein mørkare farge ville vore mykje betre, slik at tårnet gjekk meir i eitt med fjella, meiner Grov.
Krev tiltak
Innbyggjarane i byggefeltet i Loen krev no at ulike tiltak blir sett i verk for å få tilbake nattesøvnen.
- Det må verte sett opp ein støymålar, og det må gjerast noko med det støvet som er her. Det må vere stille mellom klokka 23:00 om kvelden og 06:00 om morgonen, sånn at vi får sove litt, seier Hogrenning.