Hopp til innhold

Naboar imot Ewos-utviding

Fleire av naboane til fiskefôrfabrikken Ewos i Florø reagerer på planane om utviding av fabrikken.

Ewos
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Ewos doblar produksjonen i Florø innan to til fire år, men kring fabrikken er sterk lukt og støy eit problem for fleire av naboane. Dei fryktar at problemet kan verte større når fabrikken snart vert utvida.

 

Stein Malkenes
Foto: NRK

- Det er ikkje akkurat nyperoseduft vi pustar inn i dette området.

- Mektig lei

Stein Malkenes lengtar til lukt av blomar og sommar. For han er  mektig lei av lukta som kjem frå Ewos. Fabrikken ligg nær Havreneset, og det bur mange fastbuande i området. Ewos har produsert fiskefôr i Florø i 17 år, og no satsar fabrikken stort i kystbyen. Men Malkenes er redd lukta vil verte verre.

- Det er veldig intenst. Dette med lukt er veldig personleg. Enkelte reagerer ikkje så mykje, andre som har kontakta meg desse åra er blitt fysisk sjuke av det. Det er ei intens, framand lukt.

- Ikkje sjenerande

Informasjonssjef i Ewos, Øyvind Risnes, er ikkje samd med Stein Malkenes. Risnes veit at fabrikken luktar frå tid til annan, men han meiner lukta frå fabrikken ikkje er sjenerande.

- Eg har forståing for at det i periodar kan vere registrert lukt frå ein såpass stor fabrikk som Ewos har i Florø, men samstundes har vi ikkje oppfatta det korkje som eit aukande problem eller eit plagsamt problem for nærområdet.

Lukt ikkje det einaste problemet

Plagsamt er ei mild skildring i Stein Malkenes sine auge. Han seier sjølv at han ikkje kan sove med vindauget ope om natta, og når vinden bles frå sør vert lukta endå sterkare. Og lukta er heller ikkje det einaste problemet.

- I tillegg er det ein voldsom støy som du høyrer godt i sønnavinden. Det plagar folk.

Ynskjer luktfritt anlegg

Malkenes ynskjer at anlegget vert luktfritt. Han påpeikar at andre liknande fabrikkar i andre land som har teke i bruk såkalla biofilter. Men Øyvind Risnes i Ewos vil ikkje seie kva planar fabrikken i Florø har med sine luktutslepp.

- Vi har som målsetjing ikkje berre å vere innanfor dei relativt strenge offentlege reglane når det gjeld utslepp. Vi ynskjer å vere ei forkant og godt under dei krava som blir stilte til oss frå styresmaktene. Vi har ulike alternative tiltak som vi vurderer, og der brukar vi både nasjonal og internasjonal kompetanse for å sikre oss best mogeleg alternativ mellom anna når det gjeld luktproblema.