NRK Meny
Normal

– Fryktar nye blokker skal gi eit «trafikalt helvete»

NORDFJORDEID (NRK): Naboar protesterer mot det dei trur vert eit «trafikalt helvete». Utbyggjar meiner Nordfjordeid er klar for denne typen bustader.

bustadblokker eid

PROTESTERER: Ekteparet Olina og Per Oos har ingenting i mot utbygging i Lunden, men fortvilar over at trafikken skal gå rett forbi heimen deira.

Foto: Silje Kristing Guddal / NRK

– Dette vil bli akkurat som på Stovner og Bøler. Eg har ein klump i magen no, seier Per Oos.

På stovebordet ligg skisser av det som kan bli han og kona Olina sine nye naboar. Din Bustad Eigedom ønskjer å byggje fire bustadblokker, med til saman 60 leilegheiter i området Lunden, aust på Nordfjordeid.

– Eg er ikkje interessert i å bu her dersom dette vert gjennomført. Her vert det eit trafikalt helvete, for å seie det rett ut, seier Oos.

Bustadblokkene er planlagde å bli mellom 25 og 29 meter høge. Til samanlikning er sentralsjukehuset i Førde 25 meter.

Dei første i sitt slag

– Eg vil seie vi står på taket på Eid. Utsikta er fantastisk, no står vi vel i 5. etasje, seier dagleg leiar Vegard Meland i Din Bustad Eigedom.

bustadblokker eid

VIL BYGGJE STORT: Styreleiar Halvdan Faleide i Din Bustad AS og dagleg leiar Vegard Meland i Din Bustad Eigedom viser fram utsikta frå tomta dei ønskjer å bygge ut i Lunden, aust i Eid sentrum.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

Firmaet ønskjer å sette spaden i jorda i 2018. Får dei ja frå politisk hald vert det ei stegvis utbygging.

– Trur du Eid er klar for dette?

Ja, det trur vi. Sentrum i Eid er i stor utvikling, og med omsyn til plasseringa meiner vi området toler dette, seier Meland.

Området rundt Lunden er i dag bustadhus og ei mindre blokk. Utbyggjar føreslår å gjere om ein gangveg til bilveg, for å løyse trafikkutfordringane.

Skisser over bustadblokker på Nordfjordeid

NYE LEILEGHEITER: Utbyggarane planlegg parkeringskjellar i garasjen under dei fire bustadblokkene. Tysdag skal planane handsamast politisk.

Foto: Todd Saunders

Tomta vender mot sentrum, også arkitekten ønskjer tilkomst frå sentrum. Det vert meir bilar, men samstundes er dette ei stor tomt som ligg i Eid sentrum og vi har planlagt ut ifrå planar og strategiar og håpar at det vert godt teke i mot, seier Meland.

Ein prinsippsak

– Eg synest dette er ein spennande søknad og ein god detaljreguleringsplan, seier leiar Alf Reidar Myrstad (Sp) i teknisk- og samfunnsutval.

Myrstad meiner handteringa av trafikken vert den store utfordringa. Utbyggingsplanane, som er i tråd med Eid kommune sitt mål om fortetta utnytting av areal i sentrum, vert handsama av utvalet komande veke. For politikarane vert dette ein prinsipiell sak.

– Kor høgt skal vi tillate å byggje? Det vert ei veldig spennande sak, seier Myrstad.

Første steg nærmar seg

Dersom politikarane seier ja til forslaget frå utbyggjarane vert planen sendt til offentleg ettersyn. Det pensjonerte ekteparet førebur seg på å seie si meining.

– Bustadsituasjonen og livssituasjonen vår vil bli totalt forandra. Her vil bli lite leveleg i framtida, seier Per Oos.

– Eg forstår at dei er uroa for auka biltrafikk, men no går vi inn i ein prosess der det er lov å kome med innspel. Dei vil vi høyre på og vurdere i lag med vår reguleringsarkitekt, seier Meland.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.