- Særleg når det er uver vert Nordgulen stygt forsøpla, seier nabo Håkon Dyrstad.
Oppgitte
Bremanger Quarry. Arkivfoto: NRK
Dyrstad seier det er fleire som er oppgitte over naboskapet til steinbrotet Bremanger Quarry. Men han understrekar at den kritikken han her kjem med står for hans eiga rekning.
- Det skulle ikkje komme noko i sjøen. Dei skulle ta vare på alt, men no viser det seg at dei ikkje klarar å halde det dei har lova, seier han.
Sender klagebrev
Dyrstad har no sendt eit omfattande klagebrev til Fylkesmannen si miljøvernavdeling, der han ber om at det blir gripe inn mot selskapet. Han peikar også på at han tidlegare har klaga på forholda ved fleire høve.
- Eg ber om at det blir ei ordning på dette, eg gir meg ikkje før dei finn ei løysing som er god nok. Eg bur ved fjorden, og eg er ikkje interessert at den vert øydelagt, seier Dyrstad.
Vil kontakte leiinga
Senioringeniør Bjarne Nes hos fylkesmannen seier dei vil ta ein ny kontakt med leiinga i Bremanger Quarry.
- Forholda i dag er nok ikkje gode nok. Dei har gjort ein del tiltak, men dei har absolutt utfordringar når det gjeld å få kontroll med det, seier han.
Nes seier at det er uheldig for miljøet med utslepp av steinstøv i sjøen, fordi støvet kan dekke til botnen i sjøen.
Dagleg leiar Ole Meijer i Bremanger Quarry vil ikkje kommentere denne siste klagen.