NRK Meny
Normal

Naboane kan måtte leve med dritlukta

Fylkesmannen vil stanse kloakkomposteringa i Hesjedalen i Førde, men Sunnfjord miljøverk kjempar for å få halde fram.

Komposthaug

KLOAKKSTANK: Slike haugar av kloakk slepp ut gassar når dei blir kverna om.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

Tonnevis med kloakk i Hesjedalen i Førde har for naboane i periodar ført til uuthaldelege problem med dritlukt.

Dunsten av den menneskelege avføringa har til tider vore så kraftig at folk har hatt lyst til å kaste opp.

Fylkesmannen vurderer å stanse komposteringa. Anlegget er for trongt, og det krevst byggearbeid for å dele opp området, seier fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal.

– Komposteringa må vere forsvarleg. For å få til det må dei til dømes bygge takoverbygg, slik det gjerast på andre komposteringsanlegg.

Sunnfjord miljøverk vil halde fram

Kloakkskandalen starta med at Fylkesmannen i vår fann ut at årevis med kloakk frå Sunnfjord er blitt lagra ulovleg. Ryddejobben med 40 000 kubikkmeter masse kan åleine kome på over 100 millionar kroner i fylgje Firda.

Det etterfølgande luktmarerittet for naboane starta då Sunnfjord miljøverk skulle drive etter krava. Kverning av kloakk og trevirke skal bli fullverdig kompost, men omrøringa fører til at dritlukta til tider legg seg som eit klamt teppe over nabolaget.

Det dampar av komposthaugen

TIL JORD: Det ligg haugar av kloakk og kverna trevirke på riller ved miljøverket. Her skal det bli til jord.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

Dagleg leiar i SUM, Henning Tjørhom, seier Sunnfjord miljøverk må bruke mellom 10 og 12 millionar kroner ekstra om dei må køyre kloakken frå Sunnfjord til Bergen;

– Det vart aldri sendt varsel om stenging då vi dreiv etter ein metode som ikkje var validert, men når vi no startar kompostering etter validert metode så går det mindre enn to månader før vi får varsel om stenging. Dette er mangel på logikk, skriv Tjørhom i eit tilsvar til Fylkesmannen.

SUM er samt i at det må byggast om i Hesjedalen, men meiner det er uklart kva Fylkesmannen meiner er forsvarleg:

– Lukta blir ikkje endra av dei fysiske tiltaka Fylkesmannen siktar til. Vi vil utvikle anlegget vårt slik at det ikkje har ulemper for nærmiljøet, skriv Tjørhom.

Kompostlukt

MÅ RØMME: Magnar Indrebø og Bente Eriksen strevar med å nyte utsikta. Når lukta frå komposteringa ved miljøverket kjem, må dei springe inn og lukke dører og vindauge.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

Naboane er spente

Nabo Magnar Indrebø ville i går ikkje uttale seg om vendingane i saka. Bakteppet er at naboane i dag skal ha eit møte for å samråde seg.

Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal etterlyser på si side dokumentasjon på at vekktransportering vil bli 10 millionar kroner dyrare. Yndesdal presiserer at luktklagene berre er ein av fleire grunnar til at dei varslar stans:

– SUM har kome med tilpassingar som kan vere relevante for å få halde fram, men så langt er ikkje dette nok, seier Yndesdal.

Totalinntrykket er at SUM er eit selskap som har drive fagleg på kanten i lengre tid?

– Å drive eit slikt selskap krev kompetanse og tett dialog med tilsynsmyndigheitene. Vi vil vere tett på framover, også for å peike på løysingar for å kome ut av den vanskelege situasjonen, seier Yndesdal.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.