NRK Meny
Normal

Naboane fortvilar over «Prinsesse Vil-ikke»

Nabokommunane er frustrerte over at Bremanger er så lunken til samanslåing. Dei sit som ein propp i systemet for å skape ein storkommune langs kysten.

Karl Vidar Førde

PRINSESSE VIL-IKKE: Bremanger-ordførar Karl Vidar Førde, her føre rådhuset, har fått eit originalt kallenamn i debatten om kommunesamanslåing.

Foto: Anita M. Ingebrigtsen/Firdaposten

– Eg ser eg blir referert til som «Prinsesse Vil-ikke». Det har vore litt skriveri i avisene, og det er på grunn av haldninga mi, seier prinsesse Vil-ikke, eller ordførar Karl Vidar Førde (Sp), som han er betre kjent som.

Kommunalministeren: Bremanger har eit ansvar

Frå Askvoll til Selje drøymer dei om ein storkommune som skal strekke seg langs kysten. Men det lar seg ikkje gjere å strekkje seg forbi Bremanger.

– Eg slit litt med å sjå kvifor mine innbyggjarar skal få det betre i ein storkommune. Eg trur nærleik til innbyggjarane er noko av det viktigaste vi har, seier Førde.

Kommunalminister Jan Tore Sanner seier Bremanger må tenke gjennom ansvaret Stortinget har gjeve alle kommunar om å greie ut kommunesamanslåing.

– Det er viktig at Bremanger tenker gjennom det ansvaret, særleg når det gjeld deira eigne innbyggjarar og tenestetilbodet for dei i tiåra som kjem.

Bremanger-ordføraren meiner dei framleis opnar for samanslåing, sjølv eit samrøystes kommunestyre har vedteke at dei fyrst skal greie ut å stå åleine.

– Vi gjer kanskje ting på ein annan måte, men vi har korkje sagt ja takk eller nei takk. Vi skal greie ut både å stå åleine og slå oss saman, seier Førde.

Frustrerte naboar i alle retningar

Naboordførarane er småfrustrerte over at samarbeidet står i stampe. Høgreordførar Bengt Solheim-Olsen i Flora har ivra for ein kystkommune frå Askvoll til Vågsøy.

Ordførar i Florø Bengt Solheim Olsen, er klar til å ta julevasken hjå den som byr mest på auksjonen.

FLORA-ORDFØRAR: Bengt Solheim-Olsen.

Foto: Tom Øyvind Solheim

– Det er vanskeleg for oss at dei er ein propp i systemet. Bremanger må få gjere det Bremanger vil, men eg synest dei kunne vore meir framoverlente og offensive. Utgreiing og informasjon er ikkje ei forplikting, seier Solheim-Olsen.

Ordførar i Vågsøy, Morten Hagen (H)

VÅGSØY-ORDFØRAR: Morten Hagen.

Foto: NRK

På den andre sida av Bremanger står Vågsøy og høgreordførar Morten Hagen, som strekkjer seg mot Flora.

– Det er klart det skaper større utfordringar for oss i Vågsøy når Bremanger melder seg ut av diskusjonen på eit så tidleg stadium-

Men kystalternativet var ikkje dødt?

Årleg hentar Bremanger inn 52 millionar kroner i vasskraftinntekter, og ordføraren meiner dei greier seg åleine.

– Kraftinntektene er ein del av det. Når vi kjem ut av Terra-problema i 2018 har vi gode føresetnadar for å klare oss godt åleine, seier Førde.

Men naboane gjev ikkje heilt opp kystdraumen. Floraordføraren vil invitere til temadag om samanslåing, og Vågsøy-ordføraren oppmodar Bremanger om å vere med.

– Dei bør vere med for å gje politikarane og innbyggjarane i Bremanger best mogleg grunnlag for ei avgjerd, seier Hagen.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.