NRK Meny
Normal

Myte at krisesentera har julerush

Krisesenteret i Florø opplevde ikkje spesielt stor pågong i jula. Men etter høgtida slår familieidyllen ofte sprekkar.

Video Krisesenter

MYTE: Mange finn vegen til krisesentera i jula, men endå fleire gjer det same på nyåret.

Foto: NRK

Påstandane om at pågangen til krisesentera er stor i jula er mange.

– Det trur eg er ein myte, seier dagleg leiar ved Krisesenteret i Sogn og Fjordane, Wenche Hovland.

Opp gjennom åra har ho og dei andre på krisesenteret merka at det ikkje er i jula folk vel å søkje hjelp. Det er heller ut på nyåret at folk oppsøkjer krisesenteret.

Vil ikkje øydeleggje for ungane

– Mange vil ikkje øydeleggje jula for ungane. Derfor prøvar dei å halde ut gjennom jula, og heller ta inn på krisesenteret på nyåret, fortel Hovland.

Ho kan fortelje at dei i romjula fekk inn to nye personar, i tillegg til dei sju som var på krisesenteret frå før.

– Den pågangen er ikkje noko unormal i forhold til resten av året, seier Hovland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Wenche Hovland, dagleg leiar ved Krisesenteret.

DAGLEG LEIAR: Wenche Hovland.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Vald er hovudårsaka

Etter årsskifte har krisesenteret i Florø fått inn fleire nye personar. Sju kvinner og to born har kome inn i løpet av dei to vekene i 2012. Sjølv om dette kan høyrest mykje ut, er heller ikkje dette uvanlege tal i høve til resten av året fortel Hovland.

Grunnen til at folk vel å søkje hjelp på krisesenter er i all hovudsak vald.

– Både fysisk og psykisk. Som regel dreier det seg om vald over lang tid når dei kjem til krisesenteret. Dei færraste søkjer hjelp etter fyrste gongen dei blir slått og dei har ofte tenkt på å søkje hjelp lenge før dei faktisk gjer det, fortel Hovland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jente alene og gråter

VALD: Hovudårsaka til at folk søkjer hjelp på krisesenter er vald.

Foto: Colourbox.no

Auke i 2011

Trass i at krisesenteret ikkje opplevde ei stor pågangen i jula, har dei hatt stor auke i resten av 2011. I fjor var det 62 kvinner, 2 menn og 37 born som tok inn på krisesenteret. Dette er høge tal i forhold til 2010, der 39 kvinner og 35 born gjorde det same.

– Vi flytta inn i eit nytt hus, og har kapasitet til å ta inn fleire enn før. Det er nok derfor vi har hatt denne auken, seier Hovland.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.