Hopp til innhold

Ville du stoppa om du såg dette skiltet?

Myndigheitene meiner fareskilta er tydelege nok. Likevel er det eit tilbakevendande problem at turistar trassar skilta og set seg sjølv i livsfare. Ekspert meiner skilting kunne vore tydelegare.

Fareskilt ved Nigardsbreen

FARESKILT OG SPERREBAND: Dette er eit av skilta som står framfor brefronten på Nigardsbreen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Me henta ideen frå New Zealand, som brukar den typen skilt, seier Anne Rudsengen i Statens naturoppsyn (SNO)

Etter dødsulukka i 2014, der eit tysk ektepar omkom, vart dei dåverande skilta og sperringane bytta ut med dei som står der no: gule, svarte og kvite fareskilt, med gule og svarte lenker mellom seg.

I starten av august skjedde det ei ny dødsulukke ved den populære isbreen i Sogn og Fjordane. Breen kalva, og ei isblokk datt ned i breeleva. Flodbølgja tok med seg tre personar som hadde kryssa fareskilta og sperringane. To av dei berga livet, men ein 38 år gamal mann frå Austerrike mista livet.

Anne Rudsengen ved Nigardsbreen

ORDNA SPERRINGANE: Dagen etter ulukka var blant andre Anne Rudsengen frå SNO ved Nigardsbreen for å sjå til sperringane og setja opp fleire sperreband.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Meiner det er godt nok

Turistar NRK har snakka med fortel at dei ikkje opplevde at farane var godt nok skilta.

– Det var stadar der sperringane var opne, i alle fall slik eg forstod det. Eg såg fleire som gjekk forbi sperringane, og trudde det var greitt, seier spanske Sergio de Gracia, som heller ikkje oppfatta fareskilta som er sett opp .

Både Luster kommune, politiet og SNO har sagt at skilting og sperringar var tilstrekkeleg den dagen ulukka skjedde .

Plakatar med dødsoverskrifter

Fareskilt ved Nigardsbreen

FØR 2015: Slik var skilta som stod til og med 2014.

Foto: Anne Rudsengen

Opp gjennom åra har det vore fleire generasjonar med skilt ved Nigardsbreen.

– På 90-talet var det eit skilt med teksten «Stopp! Fare» på norsk, engelsk, tysk og fransk. på 2000-talet kom eit skilt med symbol og tekst, før dei noverande kom i 2015, seier Rudsengen.

– På New Zealand har dei gått endå lenger, med å henga opp plakatar av avisene når det har skjedd dødsulukker. Ein plass har dei også sett opp eit fullskala bilde av ein «park ranger».

– Er det aktuelt ved Nigardsbreen?

– Det er litt unorsk å gjera det på den måten. Me må finna ut av om me treng nye måtar å informera på for å nå ut til fleire og nå ut betre.

– Kan forbetrast

fareskilt

PREIKESTOLEN: Ved Preikestolen i Rogaland blir det åtvara på denne måten. – Her burde farane med vind og tidspunkt vore delt inn i to skilt, og så eit underskilt med informasjon.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Ashley Booth, professor i visuell kommunikasjon ved Universitetet i Bergen, har på førespurnad frå NRK vurdert fleire av skilta ved norske naturreisemål. Les vurderinga hennar under kvart bilete. Om skilta ved Nigardsbreen har ho dette å seie:

– Skilta fortel det dei skal. Men samstundes er det rom for forbetring, seier Booth.

Ho meiner også at det kunne vore eit raudt og kvitt skilt som tydelegare fortel at her er det farleg å gå forbi.

– Når eg ser desse skilta tenkjer eg umiddelbart «opps, her må eg stoppa og sjå kva for farar som er her». Men nokre av dei er kanskje litt kompliserte, seier ho, og tenker spesielt på dette skiltet:

Fareskilt ved Nigardsbreen

– SKJER FOR MYKJE: Booth meiner dette skiltet kunne vore enklare.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er fire forskjellige element, som er litt mykje for eit fareskilt. Her kunne dei separert bodskapen over fleire skilt, meiner Booth. Men alt i alt er ho likevel klar på at ein ikkje kan sjå desse skilta utan å skjønna at det er farleg å gå forbi.

Fareskilt ved Vøringsfossen

VØRINGSFOSSEN: Dette er eit fareskilt ved Vøringsfossen i Hordaland. – Litt færre fargar kunne nok vore betre, seier Ashley Booth.

Foto: Ingvild Nave / NRK
Skjeggedal

TROLLTUNGA: Dette skiltet står i Skjeggedal. – Dei kunne separert informasjonen om utstyr og åtvaringane på to skilt, meiner Booth.

Foto: Tale Hauso / NRK
Advarsel ved Reinebringen

REINEBRINGEN: På fjellet Reinebringen i Nordland slit kommunen med at mange trassar åtvaringane. I år har over 9000 personar trassa fareskilt og sperreband. – Det ser litt amatørmessig ut, seier Booth.

Foto: Tommy Johansen