Hopp til innhold

Bademoro i Øvre Årdal

Friluftsbadet i Øvre Årdal er eitt av få utandørsanlegg i landet med 50 meters lengde. Det veit både turistane og lokalbefolkninga å setje pris på.

Badelukke i Årdal

MYKJE LEIK: Friluftsbadet i Øvre Årdal trekk mange born om sommaren.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Det er mykje å gjere her, dersom du er intelligent nok til å finne på noko.

Det seier Theo Kopperdal. Den unge årdølen fortel at han sym i bassenget så å seie kvar dag.

– Når det er fint vêr og sol er det mykje folk her. Vi har ei fotballbane rett oppi her, så då kan vi veksle på å spele fotball og å bade.

Men Kopperdal vitjar ikkje bassenget åleine. Han har fått besøk frå Ål i Buskerud. Eskil og Iver Grue nyt dagane i Årdal.

Tre symjarar i Årdal

NYT BADELIVET: Eskil Grue, Theo Kopperdal og Iver Grue trivst i badeanlegget i Øvre Årdal.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Det er eit kjempefint anlegg. Med fint vêr har vi mykje å gjere her, og vi har det berre moro. Vi har ikkje liknande anlegg i Ål, fortel Iver.

Og Eskil seier seg einig.

– Det er fint her, stort basseng og stor sklie. I tillegg er vatnet varmt!

Badevakt Simon Lidal har ansvaret for at dei som badar i Øvre Årdal er trygge. Han kan fortelje at anlegget er populært.

– Det er mykje folk, men det er avhengig av vêret. På fine dagar er det veldig mykje folk.

Badevakt simon lidal

BADEVAKTA: Simon Lidal passar på at symjarane har det trygt.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Og symjarane er ei fin blanding av lokale og tilreisande.

– Det er mykje både og, men det er mest folk i helgene. Då har vi både turistar og lokale, seier Lidal.

Men badevakta meiner at endå fleire kan ta turen til badeanlegga.

– Det kan absolutt komme fleire folk, no er det klart flest born som nyttar bassenget. Vi har fleire sklier, eit stort basseng og rom for alle, fortel Lidal.