Hopp til innhold

Oppgitt over språkrot i ruteheftet

Ruteheftet for Sogn og Fjordane er eit samansurium av bokmål og nynorsk.

Jens Brekke

FANN MANGE FEIL: Jens Brekke i Vik tykkjer det var «kaldigt» med språkfeil i det nye ruteheftet frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Foto: Brit Eli Vassli

– Språket er det tydelegvis ingen som har brydd seg om. Det er for sløvt altså. Det byrjar flott med «Kjære kollektivbrukarar», deretter er det fullt med feil utover i heftet. Det er så vanvittig gale.

Kulturarbeidar Jens Brekke i Vik har oppdaga mange feil i det nye heftet som Sogn og Fjordane fylkeskommune har sendt til alle husstandane i fylket.

Verre i år enn tidlegare

Brekke har mange døme å komme med etter å ha kikka i årets utgåve.

– Under båtruta til Bergen er det ei setning på nynorsk, medan den neste er på bokmål: «Ved høgtider og ferier kan det være begrenset kapasitet på medbrakt mengde gods». Ein stad står det «væratterhald».

«So kaldigt med feil»

Vikjen er tidlegare lærar og er oppteken av språket. Han har ei lang liste over feil i heftet.

– På ei linje står det «Dersom passasjerer og varer» og i neste linje «dersom passasjerar og varer». Det står til dømes også «biler» og «passasjerar» på same sida.

– Kva tenkjer du om dette?

– Dei må jo kvalitetssikre språket. Ein ting er at tala skal stemme, men her er det både «ikkje» og «ikke». Eg har funne så «kaldigt» med feil.

– Eg hadde ei slik blokk med gule lappar og byrja å hengje ein lapp på kvar feil. Eg veit ikkje kor mange lappar det er i ei slik blokk, men eg gjekk i alle fall fort tom.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rutehefte for Sogn og Fjordane

BRUKTE OPP GULE-LAPPANE: Jens Brekke brukte opp ei blokk med post it-lappar då han skulle markere alle feila.

Foto: Brit Eli Vassli

Treng vaktbikkje

Men vikjen sette seg ikkje ned med ruteheftet med eit mål om å finne flest mogleg feil.

– 1. mai byrjar Flåmsekspressen å gå, og det er så flott sommarteikn når svarttrasten syng og båten er i rute igjen. Eg ville sjå om den har same rute som den pleier å ha. Det var då eg oppdaga bokmål og nynorsk om ein annan.

Han er klar på kva som bør gjerast med dette samansuriumet av målformene.

– Fylkeskommunen må drive språkvask, for dette går ikkje an å sleppe frå seg. Det er så gale, rett og slett sørgjeleg. Dersom folk ikkje er språkbevisste, blir det slik som dette. Dei bør ha ei vaktbikkje som passar på, seier han.

Legg seg langflat

Velaug Veum

LEGG SEG FLAT: Fylkesdirektør Velaug Veum lovar å betre seg til neste år.

Foto: NRK

Fylkesdirektør for samferdsle, Velaug Veum, legg seg heilt flat for kritikken.

– Jens Brekke har heilt rett, dette er ikkje bra, seier ho.

Ho fortel at heftet er eit gruppearbeid der dei ulike transportselskapa har levert frå seg bidraga sine.

– Alle har levert til NHO Transport som så har sendt det til oss for korrektur.

Fokus på tala

Men sidan det er ein rutetabell, har dei først og fremst sett på rutetidene.

– Vi har sjekka tabellane og at tala er rette. Eg ser no at vi ikkje har hatt nok fokus på språket i fotnotene i heftet.

Ho har samanlikna årets rutehefte med tidlegare utgåver og seier endringane ikkje er til det betre.

– Dette er ikkje godt nok språk. Eg lovar at vi skal skjerpe oss til neste år, seier ho.