Hopp til innhold

DSB: Mykje som ikkje fungerte under «Tyr»

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) peikar på ei rekke feil og manglar under den store katastrofeøvinga Tyr i Sognefjorden i oktober.

Redningsøvinga Øvelse Tyr

FERJE MOT SNØGGBÅT: Øvings-hendinga var ein kollisjon mellom ei ferje og ein snøggbåt på fjorden ved Lavik.

Foto: Alf Vidar Snæland

Øvinga med namnet «Øvelse Tyr» handla om å redde folk etter ein kollisjon mellom ei bilferje og ein snøggbåt i fjorden utanfor Leirvik i Hyllestad. Det var kaldt både i vatnet og i lufta, og det var viktig å berge folk så raskt som mogeleg.

Det var ei svært omfattande øving med rundt 1000 personar involverte på eitt eller anna vis. No har Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) vurdert innsatsen til brann- og redning.

Viktige område fungerte ikkje

Avdelingsleder i DSB, Anne Rygh Pedersen

AVDEKKA MANGLAR: Avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen i DSB seier dei fekk avdekka ein del feil og manglar under øvinga Tyr.

Foto: Henrik Bøe / NRK

Avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen seier det var mykje som ikkje fungerte.

– Det var mykje som ikkje fungerte når det gjeld leiing, kommunikasjon og samhandling. Det er kanskje desse områda som er mest krevjande og viktige når ein ser på hendingar den siste tida. Vi ser at vi har utfordringar knytt til desse tema, seier ho.

Nådde eitt av åtte mål

Direktoratet er ein av fleire naudetatar som skal evaluerer øvinga, og hadde sett opp åtte øvingsmål for brann og redning. Dei konkluderer med at ein ikkje nådde målsetting på sju av dei.

Mellom anna blir det peika på at ein måtte kople opp sambandet til Hyllestad brann- og redningsvesen heile 55 gonger under øvinga fordi det datt ned.

– Her er nok nokre utfordringar vi må leve med framover, men dette vil stille seg heilt annleis når vi får det nye naudnettet på plass ute i distrikta, seier ho.

Stort behov for å øve meir

Også samhandling mellom dei ulike etatane var dårlegare enn målsettinga.

– Det er stort behov for å øve meir på desse tinga. Det å vite om rollene til kvarandre, det gjeld både for oss som jobbar med dette på heiltid og dei som er på deltid. Å få avdekke manglar er nyttig, for då kan vi setje inn støyten der det er behov for det, seier ho.