NRK Meny
Normal

Mykje skrot i Aurlandsfjorden

Dykkarklubben i Aurland har observert svært mykje skrot utanfor kaianlegga både i Aurland sentrum og i Flåm.

-Det er alt frå syklar til rustne landgangar som ligg og forureinar sjøbotnen, seier leiar i dykkarklubben Kristjan Arnason.

No har dykkarklubben sagt seg viljug til å rydde opp i rotet, mot at Aurland hamnevesen betalar dei ein liten sum for arbeidet.