Ein opplagt statsråd var varsam med å gå konkret inn i den aktuelle saka, men kom med mykje ros til presentasjonen og arbeidet som er gjort for å utarbeide tre nye modellar for framtidig drift av sjukehusa i Helse Førde.
- LES OGSÅ:
Ho hadde registrert eit stort engasjement før ho kom til fylket. Tre veker med heftig debatt om Helse Førde, kven som skal få snakke, leiarstil og anna.
Nye oppgåver
- Takk for ein særs god og ryddig presentasjon, sa Strøm-Erichsen etter at Clara Øberg og Jorunn Ringstad hadde presentert forslaga til styringsgruppa med vekt på modell ein, eit sentralsjukehus i Førde og to lokalmedisinske senter i Lærdal og Eid.
Altså ei nedlegging av sjukehusa i sin noverande form. Vekk med fødeavdelingane, ingen sengepostar, men andre arbeidsoppgåver. 230 årsverk skal vekk innan 2015, dersom forslaget blir vedteke etter høyringsrunda.
- LES OGSÅ:
Strøm-Erichsen la ikkje skjul på at ho var begeistra for at lokalsjukehusa skal få nye arbeidsoppgåver.
Skapte begeistring
Helsestatsråden understreka at regjeringserklæringa slår fast at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned, men samtidig sa ho at endring av status frå lokalsjukehus til lokalmedisinske sentre ikkje kan sjåast på som ei nedlegging.
- Dei får nye arbeidsoppgåver, slo statsråden fast.
Også fleire ordførarar i salen tolka statsråden som positiv til forslaget frå styringsgruppa i Helse Førde. Og sjølv om ho la vekt på at alle forslaga no skal ut på høyring, så var oppfatninga i salen at forslaget om eit sentralsjukehus i Førde og to lokalmedisinske senter skapte begeistring på regjeringshald.
- Eg tolka statsråden som rimeleg tydeleg i dag på at dette var ei framtidsretta og god løysing, sa ordførar Nils Gjerland i Førde.