Hopp til innhold

Mykje regn og snøsmelting aukar faren for skred

Mykje nedbør i løpet av 24 timar, kombinert med snøsmelting, fører til auka fare for jord- og flaumskred.

Flaum

MYKJE REGN: Det kan komme 100 mm nedbør i løpet av 24 timar.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

– Det er venta veldig mykje nedbør stort sett på heile Vestlandet, og somme stader er det mykje vatn i bakken, seier vakthavande Mads-Peter Dahl ved jordskredvarslinga i NVE.

Farevarselet gjeld frå tysdag morgon til onsdag morgon. Han seier det ikkje er ein stor fare for skred, men litt auka samanlikna med det som er vanleg,

– Spesielt område sør i Møre og Romsdal er følsamt for mykje nedbør, og for sikkerheit skuld har vi utvida skredfare-området til å gjelde også nord i Sogn og Fjordane.

Han seir at også i høgfjellet kjem nedbøren som regn.

– Det har det kome noko snø høgt i terrenget, og denne kjem til å smelte sidan temperaturen aukar. Denne snøsmeltinga fører også til meir vatn.

Det er venta at det kjem 100 mm i løpet av 24 timar i Sogn og Fjordane og 25–55 mm i Møre og Romsdal.

– Sjølv om det kjem mindre der, har vi størst fokus på den delen. For det skal mindre vatn til i Møre og Romsdal og Nordvestlandet før det blir skred enn resten av Vestlandet.

Dahl tilrår at folk held seg unna bratt terreng og der det er mykje vassføring.

– Vi ventar jamn nedbør utover døgnet, så det gjeld å halde seg unna bratt terreng og sørge for at vatnet kjem seg vekk ved å halde stikkrenner og sluk opne.

Vervarslinga melder også om at det blir kraftige vindkast på kysten av Møre og Romsdal frå seint måndag kveld. Vinden kan komme opp i liten til full storm 25 m/s med vindkast på 33-35 m/s.

Kart frå varsom.no

SKREDFARE: NVE har sendt ut gult varsel for deler av Vestlandet.

Foto: Varsom.no/Kartverket