Hopp til innhold

Mykje jobb for politiet på Eid

Ein person er sendt til legevakta etter å ha blitt slått til under Malakoff-festivalen på Eid, fortel politiet. I tillegg er to personar sette i fyllearrest. – Det er ein del politi til stade på Eid. Det er ikkje unormalt at det blir litt bråk i samband med eit slikt arrangement fortel Inge Verøy, operasjonsleiar i politiet.