Hopp til innhold

Mykje gale med polsk varebil

Føraren av ein polsk varebil vart meld til politiet etter at han prøvde å stikke av frå kontroll på Håbakken i Lærdal. Då kontrollørane fekk tak i han vart han også meld for brot på køyre- og kviletida og fleire brot på transportlovverket. Også fleire andre vart stogga i kontrollen og fekk bruksforbod eller gebyr for mellom anna overlast og manglande kjettingar.