Hopp til innhold

Stakk av etter kollisjon i rundkøyring

Dette var blant fleire hendingar politiet måtte rykke ut til i Stryn natt til laurdag.

Politi

TRAVEL NATT: Politiet fekk mykje å gjere i samband med Oktoberfesten i Stryn. Illustrasjonsfoto.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Bilføraren stakk av etter eit trafikkuhell på riksveg 15 i Stryn. Ulukka skjedde i ei rundkøyring der føraren kolliderte med ein annan bil.

– Vi har ikkje fått tak i føraren endå, men vi veit kven det er, seier operasjonsleiar for politiet, Trond Hatlenes.

Er det mistanke om promillekøyring?

– Ein kan seie at det er litt rart å velje å forlate bilen, seier Hatlenes.

Den andre personen som var involvert kom ikkje til skade. Politiet fekk melding om ulukka like over klokka tre i natt. Ingen av bilane var køyrbare etter hendinga.

Slo til annan mann med ølglas

Politiet måtte også handtere fleire saker i Stryn denne natta. Seint fredag kveld fekk dei melding om to valdsepisodar.

Rett før klokka 23.00 vart ein mann i 20-åra slått til med eit ølglas av ein annan mann, også han i 20-åra. Mannen som blei slått til vart sendt til legevakta for å sy, og mannen som slo han blir politimeld.

Like etter vart ein vakt på ein utestad slått ned. Politiet har ikkje fått melding om at vakta blei skadd. Gjerningsmannen, som er i 40-åra, blir politimeld.

Åtak på vakt, skadeverk og tjuveri

Og det enda ikkje her. Politiet måtte også ta seg av fleire tilfelle av slagsmål, i tillegg til ordensuro, skadeverk og tjuveri. Dermed vart det ei travel natt for politiet.

– Normalt er fredag kveld ganske roleg i Stryn, så eg trur eg trygt kan seie ja til at det er i samanheng med Oktoberfesten, seier Hatlenes ved operasjonssentralen.

Det starta med at ein mann i 20-åra vart vist vekk frå Stryn sentrum grunna fyll og bråk i 23-tida. Deretter måtte politiet vise vekk ein mann i 20-åra som knuste flasker og gjekk til åtak på ein vakt. Seinare på natta barka to menn saman, og ein av dei blir politimeld for ordensuro på offentleg stad.

Politiet fekk også melding om skadeverk ved ein overnattingsstad i Stryn. Mannen vert politimeld for å ha gjort skade på ei dør.

I morgontimane har ein bil blitt stolen, også det i Stryn. Bilen er ein svart chevrolet Tahoe 1998-modell. Politiet ønskjer tips i saka.