Hopp til innhold

Mykje dyrare å administrere små kommunar

Medan det kostar om lag 4000 kroner per innbyggjar å administrere kommunar som Sogndal, Førde, Stryn og Flora, er utgiftene godt over det tredoble for å administrere små kommunar som Aurland og Solund.

Rådmann i Førde, Ole John Østenstad, reagerer på rapportering

Rådmann i Førde, Ole John Østenstad, seier det vil vere store summar å spare på administrasjonsutgifter på å slå saman kommunane i Sunnfjord.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Komande måndag skal innbyggjarane i fem Sunnfjord-kommunar og Hyllestad i Sogn gå til valurnene for å røyste på om heimkommunen bør slå seg saman i ein ny og større kommune.

Kommunale utgifter til administrasjon er eit gjentakande tema i debatten, og no viser nyleg framlagde tal frå Statistisk Sentralbyrå at det i fjor var store ulikskapar kommunane imellom når det gjeld administrasjonsutgifter per innbyggjar.

Medan det kostar om lag 4000 kroner per innbyggjar å administere kommunar som Sogndal, Førde, Stryn og Flora, kostar det over tredobelt så mykje per innbyggjar å administere små kommunar som Aurland, Solund og Balestrand.

Ikkje overraska

Ole John Østenstad, rådmann i Førde, er ikkje overraska over tala.

– Vi er 13.000 innbyggjarar i Førde, ein storleik som gjer at vi greier å utnytte ressursane på ein slik måte at kostnadene til administrasjon blir låge, seier Østenstad.

Dei store pengane ein sparer inn i administrasjonsutgifter kan nyttast på å gje betre kommunale tenester til innbyggjarane.

Ole John Østenstad

– Høgt aktivitetsnivå

Noralv Distad, ordførar i Aurland, som har dei høgaste administrasjonsutgiftene i fylket, har denne kommentaren.

– Aurland har eit veldig høgt aktivitetsnivå i høve til innbyggjartalet, noko som påverkar administrasjonsutgiftene våre, seier han.

Dersom ein ser på tala er det små kommunar som Aurland, Solund og Balestrand som har dei høgaste administrasjonsutgiftene per innbyggjar. Kva kommentar har du til det?

– Det er naturleg at mindre kommunar får høgare kostnader til administrasjon. Ein må ha rådmann, etatsleiarar og anna i alle kommunar. Dette er også påpeikt i kommunereformarbeidet, seier Høgre-ordførar Distad. Trass i dei høge administrasjonsutgiftene ønskjer han ikkje at Aurland blir slått ihop med nabokommunane.

Noralv Distad på Høgre-møte

Trass i at heimkommunen Aurland har dei største administrasjonsutgiftene per innbyggjar i fylket vil ordførar Noralv Distad (H) at Aurland skal halde fram som eigen kommune.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kan spare mykje

Førde-rådmann Østenstad meiner det vil vere mykje å spare på å få ein felles storkommune i Sunnfjord.

– Det er store pengar å spare i administrasjonsutgifter ved å slå kommunane saman. Det er det ingen som helst tvil om. Dette er pengar som det nye kommunestyret i den nye kommunen kan brukte på å yte betre tenester til innbyggjarane, seier Østenstad.

Administrasjonsutgifter per innbyggjar i 2015

Sogndal

3459

Førde

3786

Stryn

3825

Flora

4375

Vågsøy

4480

Eid

4597

Årdal

5483

Gloppen

5803

Askvoll

5934

Leikanger

6299

Luster

6422

Selje

6546

Gaular

7145

Fjaler

7278

Naustdal

7303

Hornindal

7437

Vik

7981

Bremanger

8067

Gulen

8282

Hyllestad

8777

Lærdal

8823

Høyanger

9474

Balestrand

13066

Solund

14479

Aurland

14539

Jølster

6520*

*Jølster manglar tal for 2015, 2014-tal

Ekspander/minimer faktaboks

Kjelde: SSB