Utanfor utestaden Smuget var det tumultar mellom utlendingar og lokale ungdommar natt til søndag. Tre personar vart frakta til sjukehus etter episoden, og politiet kjem til å etterforske saka vidare i dag. Ein av utlendingane var medvitslaus då han vart lagt inn, men det var søndag uklart om årsaka var slagsmålet.
Bråk på hotella
Ein 17-åring og ein 19-åring er melde til politiet etter skadeverk på Sunnfjord Hotell laurdag kveld. Ein av dei sparka i tillegg ei vakt på hotellet i andletet. På Førde Hotell vart ein 25 år gamal mann arrestert etter at han gjekk til åtak på ei vakt då han ikkje slapp inn på eit julebord.
Amok på skulen
På Førde ungdomsskule gjekk ein 18-åring amok då han ville ta seg inn til volleyballspelarar som var innlosjert på skulen. Han var så trugande at vakter måtte halde han nede til poltiet kom til staden og tok hand om han.