Hopp til innhold

Mykje arbeid på gamal skute

FLORØ (NRK): På hamna i Florø ligg den ærverdige seglskuta «Svanhild». Om sommaren blir den leigd ut, men før den blir sommarklar må det leggast ned mange arbeidstimar.

Seglskuta Svanhild

ARBEID: Det krevst ein del arbeidstimar for å få seglskuta «Svanhild» klar til sommarsesongen.

Foto: Vegard Haugland / Privat

Hovudsesongen for «Svanhild» er godt i gang, og skuta har alt vore mellom anna til Shetland.

Leiar i Svanhilds venner, Liv Standal, fortel at det må mykje arbeid til både før og under sesongen for å halde den gamle skuta ved like.

– Dersom alt har blitt gjort rett, har vi sjølvsagt fått gjort mykje vinterstid når den ligg med «vinterkåpe» på, men det blir som oftast når «vinterkåpa» blir tatt av at den største innsatsen blir sett inn.

Hektisk tid

«Svanhild» har sesong og er i seglbar stand frå starten av mai til slutten av august, men Standal fortel at den travlaste tida er no på førsommaren.

– Vi brukar å starte sesongen første mai, og så er den eigentleg på det travlaste på førsommaren i mai og juni. Så blir det fellesferie i juli og skulestart i august, då dabbar det litt av etter kvart. Men vi er på sjøen og held på iallfall fram til slutten av august

Svanhild i hamn

RESTAURERT: «Svanhild» vart restaurert på 1980- og 1990-talet. I dag er båten om lag som den var då den var ny i 1889, medan riggen er slik som i perioden mellom 1926 og 1936.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Til Florø på 80-talet

«Svanhild» såg dagens lys på Nordmøre i 1889 og gjekk fram til midten av 1970-åra i fraktefart langs kysten, før den vart bygd om til lystfartøy.

Standal fortel at «Svanhild» kom til Florø heilt i starten av 1980-talet.

– Det var ei gruppe som kjøpte den hit til Florø tidleg på 1980-talet. Dei restaurerte den slik at dei kunne segle jorda rundt, og det gjorde dei også i åra mellom 1985 og 1988. Skuta gjekk inn i eigarskapet til stiftinga Svanhilds venner i 1995.

Ved roret i Svanhilds venner

VED RORET: Liv Standal sitt ved roret i stiftinga Svanhilds venner som driv med vedlikehald av den gamle seglskuta. Ho fortel at flåtevern er viktig for å ta vare på kysthistoria.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Viktig med flåtevern

Standal har vore med i Svanhilds venner i snart ti år, ho fortel at graden av involvering har variert, men at «Svanhild» er ei vanskeleg skute å kutte heilt ut.

– Eg fann ut at sidan eg ikkje klarer å legge «Svanhild» heilt frå meg, så kan eg like gjerne vere med for fullt. Den er jo svært vakker, og så synest eg det er viktig med fartøyvern. Det er ein del av historia her langs kysten.