NRK Meny
Normal

Mykje arbeid att i barnedødsfallsak

Politiet har avhøyrt mellom 10 og 15 personar i saka der ei 13 år gamal jente døydde medan ho var under omsorg av Sogn Barnevern.

Arne Johannessen

– HØG PRIORITET: Regionlensmann Arne Johannessen seier det står att ein god del avhøyr i saka.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Dei biologiske foreldra til jenta har meldt Sogn Barnevern, ein kommunelege og fosterforeldra til politiet for drap. Jenta vart funnen død i senga si. Foreldra meiner jenta i forkant av dødsfallet hadde symptom på epilepsi.

Regionlensmann Arne Johannessen seier det er lagt ned mykje arbeid i etterforskinga.

– Dette er ei sak med eit tragisk og svært alvorleg bakteppe. Så langt har vi avhøyrt mellom 10 og 15 personar. Vi har jobba opp mot Epilepsisenteret i Oslo, der har Kripos gjennomført avhøyr.

Har fått obduksjonsrapporten

No har politiet også fått den endelege obduksjonsrapporten. Men Johannessen vil ikkje seie noko om innhaldet i den.

– Men rapporten er iallfall komen, og vi jobbar vidare med etterforskinga, og vi har ein plan for vidare oppfølging. Det står att fleire avhøyr. Vi har eit godt team og støtte frå Kripos.

Johannessen vil heller ikkje seie noko om kor lang tid det vil ta før politiet kjem med sin konklusjon i saka.

– Eg trur alle forstår at dette vil ta tid. Det er mange aktørar involvert, men vi gir saka svært høg prioritet. Foreldra og advokaten deira er oppdatert undervegs.

– Viktig med grundig etterforsking

Advokat Louis Anda

NØGD MED POLITIET: Louis Anda er advokat for dei biologiske foreldra til den avdøde jenta.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Louis Anda er advokat for dei biologiske foreldra til jenta. Han seier at han og foreldra har forståing for at etterforskinga tek tid.

– Vi har eit godt og nært samarbeid med politiet. Vi er samde om at det er viktig med ei grundig etterforsking og at ein ikkje stressar, men tek seg godt tid til å finne ut av dei faktiske forholda. Oppsummert er vi nøgde med arbeidet til politiet så langt.

Han har ikkje noko å innvende mot tidsbruken til politiet.

– Det er alltid ei belastning at ting strekker seg ut i tid, men det er ei alvorleg sak, og vi opplever at etterforskinga er grundig og så brei som den må vere. Vi synest det ikkje er brukt meir tid enn det som trengst for å gjere ei grundig etterforsking.

Anda meiner det ikkje er særleg stor fare for at bevis går tapt i saka.