Hopp til innhold

Mykje å gjere for politiet

Det har skjedd litt av kvart i natt i Sogn og Fjordane. Slåstkamp, husbråk og promillekøyring har sått på arbeidslista til politiet.

politi

MYKJE Å TA TAK I: politiet har hatt ei travel natt i Sogn og Fjordane

Foto: LIEN, KYRRE / SCANPIX

– I Førde enda det i handgemeng etter at ein bil køyrde i ein annan bakfrå. Passasjerane i bilen som vart påkøyrd knuste ruta på bilen bak seg og drog ut sjåføren. Det fortel Trond Hatlenes, operasjonsleiar i Vest politidistrikt i Florø.

Politiet skal ha kome til staden ganske raskt, og dei involverte skal ha vorte frakta til lensmannskontoret.

I Florø skal ein person ha vist fingeren til ein politibetent, som svarte med å pågrippe mannen, ta han med seg og melde han. Mannen skal ha vore i slutten av tenåra.

Elles i kystbyen skal ein støyand fest ha vorte avbroten av politiet, og det same skjedde og i Førde. Det er ikkje snakk om noko anna enn at folk har bråka og vore støyande ut i nattestimane, nokon av plassane.

UP hadde promillekontrollar fleire stadar i fylket i går kveld og i natt. I Jølster og i Årdal vart det ingen reaksjonar, men i Balestrand tok dei ein sjåfør som køyrde med promille.