Hopp til innhold

Mykje å gjere

Politiet i fylket har hatt mykje å gjere i natt. I Årdal, Vågsøy, Førde og Florø har dei teke hand om rusa personar. I Sogndal vart ein bråkete person vist bort frå sentrum, og ein førar er meldt for privattaxiverksemd. I Vågsøy vil ein person truleg bli meld for lekamskrenking, medan ein ungdomsfest i Florø enda i slåstkamp. I tillegg har rykte politiet ut til bråkete festar i Førde, Florø og Årdal.