- Det er veldig mye knott der. Spesielt på fine vindstille dagar, fortel prosjektleiar for opninga av tusenårsstaden på den gamle gulatingsstaden, Martine Rød.
Kjem umerkeleg...
Nærkontakt med knott
- Det er forferdeleg plagsamt. Du merkar ikkje at dei kjem før dei stikk, seier Rød.
I fjor sommar bestemte ein seg for å prøve å gjere noko med knottplagen. Myggforskarar frå Uppsala i Sverige har besøkt og kartlagt myggplagen, og har no konkludert i ein rapport som kjem med at løysinga på problemet er myggfeller - det er det som skal redde tusenårsstaden i Sogn og Fjordane.
Lokkar og drep
- Fellene vil lokke knotten til seg, for så å suge dei inn i ein beholdar der dei tørkar ut og dør. Det seier forskar ved Uppsala universitet, Jan Lunnstrøm. Kvar felle kan ta livet av ein million knott i døgnet. På Flolid rår forskarane til at ein set ut ti-tolv slike feller. Fellene ser ut som tønner, er oppmot ein meter høge og vert sett ut på klekkeplassane til knotten.
Kostbart
Men knottfeller er ikkje gratis. 400 000 kroner er alt brukt på å kartlegge knottplagen på tusenårsstaden. Omlag 700 000 kroner vil det koste å sette opp fellene som skal ta knekken på sviknotten - totalt over millionen. Og på eit møte 13. mai i tusenårskomiteen blir det diskutert om dei skal gå inn for myggfellene - til glede for alle som vil besøke den gamle tingstaden ein fin sommardag.