Hopp til innhold

Lasteskipet får halde fram til verkstad - under visse føresetnader

Lasteskipet MV «Selvaagsund» er snart tømt for 2270 tonn med grus etter at skipet grunnstøytte tysdag. No må det på verkstad.

Selvaagsund vert lossa

ANDRE TAR OVER: Kystvakta har fullført oppdraget med å frakte MV «Selvaagsund» til kai i Florø. No vert det mellom anna opp til Sjøfartsdirektoratet å vurdere tryggleiken til skipet.

Foto: KV Tor

– Vi vil ikkje nekte lasteskipet å segle vidare. Vi har gjort ein såkalla hamnestatuskontroll som er norges oppgåve ettersom skipet er registrert i flaggstaten Saint Vincent og Grenadinene, seier sjefsingeniør Bjørn Ove Grønnevik i Sjøfartsdirektoratet.

Sjøfartsdirektoratet og inspektørar frå klassifikasjonsselskapet DNV GL har vore ombord i skipet for å vurdere skadene etter at lasteskipet grunnstøytte.

– DNV GL har også gitt skipet lov til å fortsette seglinga til ein verkstad på nordmøre, under visse føresetnader, seier Grønnevik.

Lastebåten MV «Selvaagsund» gjekk på land ved Sumarsøyna i Solund natt til tysdag. Onsdag like før klokka 11.30 vart båten trekt av grunn, og gjekk til Florø.

Selvaagsund vert lossa

LOSSA: MV 'Selvaagsund' vert lossa ved kai i Gunnhildvågen i Florø.

Foto: KV Tor

Beredskap under seglasen

– Båten gjekk for eiga maskin til Gunnhildvågen i Flora i går, og la til kai klokka 19.15.

MV «Selvaagsund» var omgitt av både taubåten Silex og KV Tor som var i beredskap dersom det skulle oppstå utfordringar.

– Vi følgde skipet på turen. Det var ingen problem og fine vêrforhold så seglasen gjekk heilt greitt. No ligg skipet til kai i Gunnhildvågen og det er allereie starta lossing av lasta om bord, seier Skålheim.

Jon Skålheim i Kystvakta meiner gamle og eigarlause blåskjellanlegg utgjer ein stor risiko.

KYSTVAKTA GÅR VIDARE: Jon Skålheim reknar oppdraget til Kystvakta som ferdig etter at lastebåten er eskortert til Florø.

Foto: KV Tor

Tidlegare torsdag gav Kystverket frå seg ansvaret for båten etter at den var frakta til hamn i Gunnhildvågen i Florø.

No er det opp til Sjøfartsdirektoratet, inspektørar og reiarlag å få gjort båten sikker nok til å gå vidare til eit verft for reparasjon, sa Jon Skålheim som er skipssjef på KV Tor.

– Betre enn frykta

– Dette gjekk mykje betre enn frykta, seier Øivind Berge, representant for Berge Rederi, som eig skipet.

Den 82 meter lange lastebåten høyrer til reiarlaget Berge som har base på Hitra. Båten som er lasta med grus var på veg frå Florø til Tyskland då den grunnstøytte. Den fekk hol i forskipet, og det kom inn vatn. Men dette vart tetta og avgrensa for vidare spreiing.

Lastebåten «Selvaagsund» er no trekt av grunn. Foto: KV Tor

VART SLEPT AV GRUNN: Båten vart trekt av grunn i onsdag og gjekk til Florø for eiga maskin. Foto: KV Tor.

– Det er komme ein annan båt på plass med gravemaskin som tømmer skipet. Den jobben vart starta allereie i går kveld og held fram i dag, seier Skålheim om bord på Kystvakta.

«Selvaagsund» på grunn i Solund

PÅ GRUNN: Lasteskipet gjekk på grunn natt til tysdag.

Foto: KV Tor / Kystvakta

Når båten er tømt vil det bli gjort nødvendige tiltak for å få båten sikker og trygg nok til å klare ein seglas vidare til eit verft.

– Vi veit ikkje enno kva slags verft som vil få jobben, seier Berge.

Det er 2270 tonn med grus om bord som skulle fraktast frå Seljestokken i Flora til Tyskland. Det er også 54 tonn diesel om bord, men det er ikkje meldt om oljelekkasje.