Platebutikkane syng på siste verset

Det er berre eit tjuetals uavhengige musikkbutikkar igjen i Norge – og det blir stadig færre.

Arnfinn Grøning viser fram favorittmusikken sin

LEGG NED: Dagleg leiar i musikkbutikken TiTi i Førde, Arnfinn Grøneng, likar best musikk frå 60- og 70- talet. Her viser han fram to av favorittplatene.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Utvalet er stort på platebutikken Ti-Ti i Førde, men det er ikkje nok til å halde på kundane. Dagleg leiar Arnfinn Grøneng har drive butikken i 29 år, men innser at salet av musikk no har funne andre arenaer.

No er butikken innhenta av den nasjonale trenden – denne månaden legg dei ned drifta av platebutikken mange meiner er sjarmerande.

– Folk lastar ned eller kjøper musikk gjennom postordre. Det ligg vel i tida. Ungdommane lastar ned musikk i staden for å gå i butikken slik dei gjorde for berre nokre år sidan, seier Grøneng.

Dårlegare tilbod

Han meiner at nedlegginga av musikkbutikken vil gjere det vanskelegare for folk å finne spanande musikk.

– Her er ein CD med Joanne Cash, søstera til Johnny Cash, og den får du nok ikkje tak i så mange andre stadar. Dette er slikt som eg har fått tak i gjennom ein kar i Kristiansand som driv med import av musikk.

(Saka held fram under biletet)

Opphøyrssal

TØMMING: Musikkbutikken i Førde skal tømmast mest mogleg før dei legg ned drifta om cirka to veker.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Stor årleg nedgang i sal av CD-ar

Salssjef i plateselskapet EMI, Aslak Klever, ser ein klar trend når det gjeld platesal i butikk dei siste ti åra.

– Det har vore ein relativt stor nedgang i sal av musikk i butikk dei siste åra. I kallendaråret 2011 var nedgangen på 27 prosent. Dei siste ti åra har salsnedgangen vore på cirka 30 prosent per år.

(Saka held fram under biletet)

Pop/Rok

SJARMERANDE BUTIKK: Det er lite vits i å pusse opp skilta i ein butikk som skal leggjast ned.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK
Kasettar

KASSETTAR: Om du har kassettspelar i bilen må du skunde deg om du vil kjøpe musikk på TiTi.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Mange eldre vil slutte å kjøpe musikk

Arnfinn Grøneng trur det kan bli vanskeleg for eldre folk å få tak i musikk når dei legg ned butikken i Førde.

– Eg syns mest synd i dei eldre kundane som kanskje ikkje har datamaskin og tilgang til internett. Eg trur dei vil slite med å få tak i musikk i tida framover, seier Grøneng til NRK.

Liv Horstad er kunde i butikken og forklarar kvifor ho handlar på TiTi og ikkje på nett.

– Her får eg god hjelp og svar på alt eg lurer på. Det blir håplaust for meg å kjøpe musikk når dei legg ned her for eg brukar ikkje internett.

– Eg trur nok ikkje det blir til at eg kjøper musikk, viss eg ikkje kan kjøpe det i ein butikk, seier Horstad.

CD-en vert eit nisjeprodukt

Aslak Klever i Emi trur sal av fysiske plater etter kvart berre blir for spesielt interesserte

– CD-platene vil nok ikkje forsvinne for godt, men dei vil bli eit nisjeprodukt på lik linje med LP-en.

Dei 2–3 siste åra har talet på uavhengige musikkbutikkar gått kraftig ned, og det vert stadig færre.

På landsnivå er det no ikkje meir enn cirka 20 uavhengige platebutikkar igjen, som ikkje er medlem av ei større platekjede.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mykje å halde styr på i musikkbutikken

OVERFLOD: Det er mykje å halde styr på når lageret skal tømmast i ein butikk som har halde på i nesten 30 år.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Vemodig å leggje ned

Arnfinn Grøneng synest det er vemodig å legge ned butikken i Førde

– Eg har drive med dette i eit halvt liv, og veit ikkje kva eg skal gjere når vi legg ned. Kanskje må eg gå på NAV, men eg satsar no på at det skal ordne seg for meg på eitt eller anna vis, seier Grøning optimistisk.

For spesielt interesserte vil det kanskje likevel finnast ein mogleg stad å CD-plater i Førde i framtida.

– Eg har spøkt med at eg kanskje skal ta med meg heim det som vert igjen her, installere meg i garasjen og ha utsal derfrå.

Stort utval

STORT UTVAL: – Vi har mange musikkskattar her som du ikkje finn så mange andre stadar, seier Arnfinn Grøneng.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK