Hopp til innhold

Musikk og natur på Førdefestivalen

Musikk & Natur er temaet for Førdefestivalen 2013. Festivalen er og sertifisert som grøn festival.

Anna Cinzia Villani (til Førdefestivalen)

FRÅ ITALIA: Anna Cinzia Villani.

Foto: Pressefoto

I dag presenterer Førde Internasjonale Folkemusikkfestival temaet og ein del av artistane som skal prege festivalen og Førde frå 4. til 7. juli.

– Naturen har vore til inspirasjon for musikk og musikarar opp gjennom historia. Det er utruleg spennande å utforske samanhengen mellom naturfenomen og musikalske uttrykk, seier direktør Hilde Bjørkum.

Ho viser mellom anna til alle melodinamna som er knytte til natur og korleis naturfenomen blir brukte symbolsk i musikken.

(Artikkelen held fram under biletet).

Hilde Bjørkum

SATSAR PÅ NATUR: Direktør Hilde Bjørkum.

Foto: Vidar Helle

Mange utekonsertar

Førdefestivalen har også tidlegare hatt mange konsertar ute i det fri, mellom anna på Hafstadfjellet, men i år blir det mykje av det, fortel Bjørkum.

–Omgjevnadene påverkar korleis vi opplever og oppfattar musikken. I år vil vi til fulle utnytte at Førde ligg midt i naturparadiset Fjord-Norge, med fjell, fossar, vatn og brear på alle kantar.

Det blir konsertar på Hafstadfjellet, på gardstun, flakedans, vandring og storkonsert ved Jølstra. Også taket på det nye kunstmuseet blir konsertarena.

(Artikkelen held fram under biletet).

Majorstuen

FRÅ NORGE: Majorstuen.

Foto: Pressefoto

Bestillingsverk frå Majorstuen

Av artistane på årets festival toppar Majorstuen med m.a. Synnøve Bjørset frå Jølster lista over norske namn. Gruppa kjem med eit bestillingsverk med tittelen «Kvitre», og som handlar om fuglar og fuglesang.

Andre norske artistar er Unni Boksasp Ensemble, Knut Buen, Leif Rygg og Kari Malmanger.

Av internasjonale artistar kan nemnast vinnaren av BBC’s Folk Award: Kathryn Tickell (UK) og dronninga av taranta-tradisjonen: Anna Cinzia Villani (Italia).