NRK Meny
Normal

Musikk frå stryningar på MTV

Musikk frå bandet The Vineyards skal brukast i den nye MTV-serien Fast Inc.

The Vineyards
Foto: Rec 90

Gitarist Kjartan Dannatt frå Stryn drøymer om at dette kan være ein døropnar inn til den amerikanske platemarknaden.

- Ingenting hadde vore så kult som å bli store i USA, seier han.

Handlar om bilar

Låta skal brukast når bilete av tøffe bilar farer over tv-skjermen. Serien Fast Inc handlar nemlig om biler. Dannatt håper at dei som ser på MTV-serien får lyst til å høre meir musikk frå Stryn og Norge.

- Det er første gong at nokon i USA har reagert på musikken vår. Det er alltid moro når folk i andre land likar musikken vår.

Håper på festivaljobbar

Men om dette kan bety eit gjennombrot i USA er han litt usikker på.

- Det skal kanskje litt meir til for å slå gjennom i USA. Vi må nok spele mykje live, så vi håper på å få spele på festivalar, seier han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser