Kristian Jansen var med på å byggje opp Kystmuseet i Florø. Det stod ferdig i 1982, og var det første kystmuseet i landet. I dei første åra fekk museet bra med pengar å rutte med, men etter kvart vart spriket mellom dei fine festtalane til politikarane og den grå kvardagen for stort.
- Kystmuseet er ikkje økonomisk i stand til å innfri dei store forventningane som enkelte har, seier Kristian Jansen.
Kristian Jansen har arbeidd med Kystmuseet i vel 25 år. No har han sagt stopp. Når økonomien er så trong at styraren kvar månad er usikker på om det er nok pengar til løn til dei tilsette, er det like godt å pensjonere seg, meiner han.