Hopp til innhold

Forkorta ventetida til jul med eigne kort

KAUPANGER (NRK): Med gamaldags blekk og penn tryllar ungane fram julehelsingar til vener og kjende. På museet har meir enn 200 born lært om gamle tradisjonar no i førjulstida.

Kristina og Malene har laga julekort

LAGA JULEKORT: Kristina Svangstu og Malene Kvalsøren med julekorta dei fekk lage på Sogn folkemuseum.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg har laga kort til bestevenninna mi, fortel Kristina Svangstu (8) gledestrålande.

Ho og klassekameratane frå 3. og 4. klasse på Gaupne skule er på Sogn folkemuseum på Kaupanger denne dagen. Her har dei fått ei innføring i gamle juletradisjonar, og no set dei krona på verket med å skrive julekort med blekk og penn.

– Eg har laga kort til mamma, fordi ho er så snill, repliserer venninna Malene Kvalsøren (8).

Hektiske dagar på museet

Over 200 skuleborn har no i førjulstida vore på besøk på De Heibergske Samlinger, som er det opphavlege namnet på Sogn folkemuseum. For museumslektor Anna Avdem har det vore ei rein glede.

– Det at vi kan vere med og formidle juletradisjonane er skikkeleg stas. Det er hektisk her desse dagane, men vi set pris på å ha det litt travelt no i førjulstida, seier Avdem.

På eit av dei andre langborda sit Frida Skjerdal (9). Med sirleg skrift har ho gjort ferdig sitt julekort, der det mellom anna står:

«Til mamma og pappa. Klem frå Frida. Vi har ete graut med mandel i, før vi åt graut skreiv vi kort med blekk. Eg hadde det kjempekjekt.»

– Eg har fått mandelen før, då fekk eg ein premie, ein marsipangris, fortel Frida.

Frida Skjerdal

FØRJULSKOS: Frida Skjerdal laga julekort til mamma og pappa.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Åt du opp heile sjølv? undrar NRK sin utsende.

– Nei, eg likar ikkje marsipan ...

Får synge dei gamle songane

Heilt til slutt blir ungane med inn i ein av utstillingssalane på museet. Framfor det gamle alteret og altartavla syng dei verkeleg gamle julevers og julesongar, og framfører juleevangeliet.

– Eg er sikker på at alle får julestemning av song og musikk. Versa og julesongane høyrer tett i hop med maten og stemninga elles no i jula. Det å gje oss sjølv litt ro og tid til å kjenne på tradisjonane trur eg er godt for alle, seier Anna Avdem og smiler.