NRK Meny
Normal

Håpar å bikke 50.000 publikumarar i år

Med nær ei veke att av månaden, har Norsk Bremuseum allereie sett ny aprilrekord.

John Brekke på mammut

MAMMUT: Med mammututstillinga under utvikling, legg John Brekke og Norsk Bremuseum bak seg ein rekordmånad for april.

Foto: Birger Meland / NRK

Så langt har nær 1.500 gått gjennom dørene til museet i Fjærland. Slikt gler ein museumsdirektør.

April er den første månaden Norsk Bremuseum er ope for turistane.

– Dette er den best besøkte april-månaden sidan museet opna i 1991, og veldig hyggeleg at vi klarer å fylle opp også i lågsesongen. Til samanlikning hadde vi 1.000 gjester i april i fjor, seier John Brekke.

Trur på god sesong

Norsk Bremuseum

BREMUSEET: Norsk Bremuseum vart opna av dronning Sonja i 1991.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

At ein ser ut til å passere 500 fleire besøkande enn på same tid i fjor, er godt nytt for museumsdirektøren. I heile fjor var 49.300 innom museet. Dette er det beste besøkstalet sidan den store klimautstillinga vart opna i 2007.

Brekke har inntrykk av at det er ein trend med stadig tidlegare turistsesong. Sterkare skuldersesongar er noko reiselivsnæringa i sin heilskap ynskjer.

– Besøkstala for april har stige jamt dei siste åra, og 1.500 er veldig bra for å vere april. Men om dette er kome for å bli, eller kva det viser er vi litt usikre på. Men eg trur det blir ein god sesong, smiler han.

– Kvifor er det ein slik auke i april?

– Det er nok ei blanding av at sesongen utvidar seg generelt for cruise og reiseliv. Samstundes er vi kanskje blitt flinkare og meir synlege i marknaden.

Håpar på 50.000

isbjørn

ISBJØRN: I juli i fjor vart denne isbjørnen Norsk Bremuseum sin nye attraksjon.

Foto: Klara Heimlid Bøyum

Besøksrekorden skriv seg frå 1994 med over 70.000 vitjande. Siste åra har besøkstalet ligge under 50.000.

– Vi håpar å bikke 50.000 besøkande i år, seier Brekke og ventar storinnrykket i juli og august.

Museet lokkar med både mammutar, ein isbjørn, panoramafilm om Jostedalsbreen, interaktive utstillingar og ekte bre-is.

– Vi er inne i ein spennande utviklingsfase, og vil mellom anna gjere ferdig mammutparken med tre nye utstillingar, avsluttar Brekke.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.